Keramikaren Elisa Helland-Hansen er antatt til den største årlege mønstringa for samtidskunst

Frå 14. oktober er keramikar Elisa Helland-Hansen representert på utstillinga «Kunsthåndverk 2017», ikkje med keramisk gjenstand, men med ein video om ein keramisk gjenstand. (Arkivfoto).

Frå 14. oktober er keramikar Elisa Helland-Hansen representert på utstillinga «Kunsthåndverk 2017», ikkje med keramisk gjenstand, men med ein video om ein keramisk gjenstand. (Arkivfoto).

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

14. oktober går startskotet for den 40. utgåva av utstillinga «Kunsthåndverk 2017» i Nordenfjelske Kunstindustrimuseum i Trondheim. Den viser eit mangfald av det beste som blir skapt av norsk samtidskunst i materialar som glas, keramikk, tekstil, tre og metall. Nålauga er trongt. Berre 75 av dei 307 kunstnarane som søkte fekk plass i år. Ein av dei er keramikar Elisa Helland-Hansen på Seimsfoss.

– Stas. Dette er eg verkeleg glad for, kommenterer kunstnaren.

Helland-Hansen har drive som keramikar i 40 år. Tidlegare har ho fleire gonger blitt antatt til den tungtvegande utstillinga i Trondheim, men det er nokre år sidan sist.

Video

Spesialfeltet til Helland-Hansen er brukskeramikk. Slik keramikk har stadig fått mindre plass på utstillinga, samtidig har delen av reine kunstgjenstandar vakse.

– Eg har søkt og blitt refusert med brukskeramikken min fleire gonger. Denne gongen gjorde eg derfor ein vri, fortel keramikaren.

Og vrien kjem truleg uventa på mange. I staden for brukskeramikk, deltar Helland-Hansen med ein video som handlar om ein keramisk gjenstand. «Tiden det tar» er tittelen. Den har ho laga heilt på eiga hand.

– Har du kompetanse innan filming også?

– Nei, i alle fall ingen formell kompetanse. Eg driv med amatørfilming og har lagt ein god del videoar på Instagram. Men det er jo litt spesielt at arrangøren av utstillinga finn plass til videoen og ikkje til brukskunsten, kommenterer keramikaren med undring.

Utstillinga i Trondheim opnar 14. oktober og står til 3. desember. Elisa Helland-Hansen reiser dit for å få med seg opninga.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken