Nye millionar til Kvinnherad Arena – nærmar seg fullfinansiert

F.v.: Liv Vigdis Agledal i Sparebanken Vest, Knut Prestnes og Richard Erlandsen i prosjektgruppa for ny idrettshall, Tine Særsten og Vivi Tranøy Loftheim i Sparebanken.

F.v.: Liv Vigdis Agledal i Sparebanken Vest, Knut Prestnes og Richard Erlandsen i prosjektgruppa for ny idrettshall, Tine Særsten og Vivi Tranøy Loftheim i Sparebanken.

Sparebanken Vest gir 2,5 millionar til ny idrettshall på Husnes. Det blei kjent onsdag føremiddag.

DEL


Det var ei gledeleg nyheit Richard Erlandsen og Knut Prestnes i prosjektgruppa for den nye arenaen fekk servert nyleg. Sparebanken sitt bidrag gjer at den planlagde idrettshallen ved Kvednabekkjen nærmar seg fullfinansiert.

Bidraget er ein del av banken si årlege utdeling av overskotet sitt til frivillige lag og organisasjonar i Kvinnherad.

– Vi synest det er veldig stas. Dette er eit kjempeviktig prosjekt, seier banksjef Vivi Tranøy Loftheim, og held fram:

– Dette er ein arena som kommunen manglar. Forhåpentlegvis kan den gjera breiddeidretten vår større. Kapasiteten er i dag sprengd, fortel banksjefen.

Vidare skryt ho over Erlandsen og Prestnes sitt engasjement for å få finansiert Kvinnherad Arena.

– At vi kan vera med å bidra med ein vesentleg sum, er viktig for oss. Utan det fantastiske engasjementet frå enkeltindivid rundt om i kommunen – hos dei frivillige – hadde vi ikkje hatt nokon å gi til. At folk tar på seg slike store prosjekt, er berre heilt fantastisk. Det kostar energi og fritid og sikkert mykje frustrasjon, og då er det utruleg gledeleg å overraska med eit sånt bidrag.

Prosjektgruppa treng 18 millionar kroner for at hallen skal vera fullfinansiert. Etter onsdagens nyheit står 15,5 millionar på konto.

– Det er eit stort prosjekt som krev betydelege ressursar. Idretten har teke på seg å skaffa 18 millionar. Vi er veldig glade og nøgde for at banken stiller opp på denne måten. Håpar dette kan inspirera andre som kan tenka seg å hjelpa, fortel Prestnes.

– No nærmar vi oss målet. Vi er utruleg takknemlege for denne gåva, takka Erlandsen banken.

Han fortel at målet er at grunnarbeidet kan starta til hausten og at anbodet på hallen kan gå ut før nyttår. Dermed kan arbeidet med veg og etter kvart grunnarbeidet på sjølve hallen vera i gang på nyåret i 2019.

Desse får pengar av Sparebanken Vest:

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags