BURSDAG: Kvinnherad Breiband er i år 15 år, og er ansvarleg for over 4.200 internettkundar spreidd rundt i heile Kvinnherad. Her ser vi Svein Atle Nipen (f.v.), Gunnhild Nilsen Hillestad og Daniel Wangensten utanfor lokala til bedrifta i Dimmelsvik.

Slår ring om kvinnherad

Publisert

Kvinnherad breiband 15 år: Eitt år kom julaftan ein dag for tidlig – Kvinnherad Breiband blei «pakka» opp og skipa på vesle julaftan i 2003, og feirar i år ein «rund» dag.

Kvinnherad Breiband er i desse dagar fullt opptatt med å oppgradera internettsendarane (node) og tilhøyrande naudstraumkapasitet kring i Kvinnherad. Bedrifta er relativt ung med sine 15 år, men innan teknologiverda er det allereie på tide å planleggja og leggja til rette infrastrukturen for framtida.

– I teorien kan ein få internettlinje med gigabyte-kapasitet inn i heimen frå midten av neste år, fortel dagleg leiar Gunnhild Nilsen Hillestad.

I dag husar Kvinnherad Breiband ti tilsette og ein lærling, og til tider har dei det så travelt at dei må leiga inn arbeidskraft for å få unna ventelista for å installera fiberlinje til hushaldningar.

– Alle treng internett med god kapasitet i desse dagar, så det er dessverre lengre ventetid enn vi skulle ønskja for å få installert ei fysisk fiberlinje til heimen, held ho fram.

ARBEIDSGJENGEN: Kvinnherad Breiband er i år 15 år og husar ti tilsette og ein lærling. Framme frå venstre ser vi: Gunnar Vaage (fibermontør), Gunnhild Nilsen Hillestad (dagleg leiar), Svein Atle Nipen (teknisk leiar), Stian Hansen Bøe (IT-konsulent), Eivind Tofte (telekommunikasjonsmontør lærling). Bak frå venstre ser vi: Håkon Røstbø (prosjektleiar), Trond Hannisdal (marknadskoordinator), Edmund Tofte (fibermontør), Bengt Opsanger (fibermontør), Daniel Wangensten (driftsleiar) og Arne Torget (marknadskoordinator). (Foto: Privat).

ARBEIDSGJENGEN: Kvinnherad Breiband er i år 15 år og husar ti tilsette og ein lærling. Framme frå venstre ser vi: Gunnar Vaage (fibermontør), Gunnhild Nilsen Hillestad (dagleg leiar), Svein Atle Nipen (teknisk leiar), Stian Hansen Bøe (IT-konsulent), Eivind Tofte (telekommunikasjonsmontør lærling). Bak frå venstre ser vi: Håkon Røstbø (prosjektleiar), Trond Hannisdal (marknadskoordinator), Edmund Tofte (fibermontør), Bengt Opsanger (fibermontør), Daniel Wangensten (driftsleiar) og Arne Torget (marknadskoordinator). (Foto: Privat).

Starten på fibereventyret

Eventyret til bedrifta starta på sjølve vesle julaftan i 2003. Blant julekosen og gløggen blei Kvinnherad Breiband skipa av moderselskapa Kvinnherad Energi med 80 prosent eigarskap, og Fjelberg kraftlag med 20 prosent. Like etter nyttår i 2004 starta det fysiske arbeidet med å etablera eit stamfibernett via høgspentlinjene i Kvinnherad. Desse strekte seg heilt frå indre til ytre del av Kvinnherad, og ein «redundans»-ring om kommunen begynte å ta form. Denne ringen skal sikra oppetida til nettet, slik at om det blir brot på linja ein stad, vil signalet snu og reisa motsett veg rundt ringen og likevel koma fram til hushaldninga. Medan bedrifta bygde ut «redundans»-ringen om Kvinnherad, kjøpte dei opp ein kundemasse frå Telenor for å koma i gang. I starten leverte Kvinnherad Breiband ADSL til kundane, som den gong var det nyaste og beste. I 2016 slo dei av dei siste ADSL-punkta.

– Etter stamnettet var etablert, starta jobben med å tilpassa nodeskap og anna nødvendig utstyr i bygdene, og vi fekk på plass spreiingsnett, som er den fysiske linja inn i heimane frå stamnettet, fortel teknisk leiar Svein Atle Nipen.

Ruteren treng omsorg

Fiberoptikk er det nye, der breibandsignalet reiser stabilt med lyset sin hastigheit og er mindre utsett for støy og påverknadar frå moder jord. Enten ein bur nært eller fjernt, vil aldri hastigheita til fiberlinja vera den avgjerande faktoren for om ein har bra eller dårleg nett.

– Vi ser at dei som ofte slit med internettsignala, har gammalt modem eller ruter, forklarar Nipen.

Som alle tekniske ting, må ruterane med jamne mellomrom oppgraderast, og med stadig meir krevjande teknologi og aukande internettkonsum i heimane, treng ruterane meir kapasitet.

– Vi brukar mykje tid på support og feilsøk, og i mange av tilfella er det ruteren som er den skuldige. Alle er nok ikkje klare over at denne treng omsorg, på lik linje med alle andre tekniske ting, understrekar Hillestad.

I tillegg er det mange som slit med å få gode signal kring i huset.

– Eg tenker på signalet litt som ein høgtalar. Om ein sit tett på kjelda høyrer ein godt, men jo lengre vekk ein flyttar seg, dess dårlegare blir lyden. Det er nett det same med det trådlause nettet som blir sendt ut via ein ruter, understrekar Nipen.

Løysinga kan vera å ha fleire ruterar forskjellige stadar i huset, slik at signala vil bli godt spreidd utover.

Stadig utbygging

Fibernettet blir stadig utbygd, men det er nokre få plassar i kommunen som ikkje har fiber enno.

– Vi har ikkje fått bygd ut mellom Matre og Åkra, i tillegg manglar vi fiber over til øyane Skorpo og Snilstveitøy, fortel Hillestad.

Denne utbygginga kjem til å kosta så mykje, at dei er avhengige av å få offentlege midlar.

– Det er per dags dato kome offentleg stønad frå Nkom på nesten fire millionar til Kvinnherad kommune, og utbygginga skal ut på anbod, men det kjem nok til å kosta minst det dobbelte av det, held Hillestad fram.

Følgja med i tida

Dei seinare åra har medievanane endra seg, og strøymingstenester er blitt stadig meir populære.

– Strøyming har dei seinare åra erstatta den vanlege lineære TV-sendinga. Familiar samlar seg ikkje i like stor grad rundt fjernsynet for å følga med på eit bestemt tv-program som går på eit bestemt tidspunkt, fortel Nipen.

– Stadig fleire slenger seg ned i sofaen om kvelden for å sjå ein episode av favorittserien sin på Netflix, smiler Hillestad.

Det endra konsummønsteret krev mykje kapasitet, og endå fleire tenester som kjem til å koma i framtida vil krevja endå meir, for eksempel smarthus.

– Med smarthus kan fleire eldre bu heime lenger med alarmar og gode teknologiske verktøy for å hjelpa seg gjennom kvardagen. Når dette blir meir aktuelt, er vi opne for å kjøpa program og tilby det vidare til kundane våre, fortel Nipen entusiastisk, som meiner at det ikkje er lenge til vi ser denne endringa.

Framtidig eigar usikker

Den siste tida har det vore snakk om sal av begge moderbedriftene, Kvinnherad Energi og Fjelberg kraftlag.

– Vi har god kommunikasjon med begge eigarane våre, og per i dag er det fortsatt usikkert kva som skjer for eigarane våre, fortel Hillestad.

BURSDAG: Kvinnherad Breiband er i år 15 år, og er ansvarleg for over 4.200 internettkundar spreidd rundt i heile Kvinnherad.

BURSDAG: Kvinnherad Breiband er i år 15 år, og er ansvarleg for over 4.200 internettkundar spreidd rundt i heile Kvinnherad. Foto:

Kvinnherad Breiband har ein marknadsandel på heile 78 prosent i Kvinnherad, og desse kundane vil selskapet ta godt vare på, uavhengig av kven som eig selskapet.

– For oss vil kvardagen fortsetja, så vi vil konsentrera oss om fiberutbygginga og vedlikehaldet for å imøtekomma nett med kapasitet som trengst i framtida, avsluttar Hillestad, godt nøgd med at dei er over halvvegs i arbeidet med å oppgradera nodeteknologien.

Bedrifta vil vera å treffa på næringsdagen som blir avvikla på Husnes storsenter torsdag 22. november, og vil feira året og dagen med kake.

Artikkeltags