Hermann Skromme er ny dagleg leiar i Kvinnherad Energi

Kvinnherad Energi har funne sin nye sjef. Her frå 2013. (Arkivfoto).

Kvinnherad Energi har funne sin nye sjef. Her frå 2013. (Arkivfoto).

Skromme er tilsett som dagleg leiar i Kvinnherad Energi AS, og tiltrer i stillinga 1. april. Det skriv styreleiar Stig Håvik i ei pressemelding fredag morgon.

DEL


Skromme har jobba i kraftbransjen heile sin yrkeskarriere. Han starta som lærling innanfor energimontør-faget i Statnett i 2006, og har sidan 2009 vore tilsett i Kvinnherad Energi. Først som energimontør, og dei siste seks åra som driftsingeniør med arbeidsoppgåver innanfor nett, produksjon og prosjektleiing. Skromme er utdanna elkraftingeniør frå Høgskulen i Haugesund. Ved sida av full jobb har han dei siste åra studert ved NTNU, og er til sommaren ferdig utdanna sivilingeniør innan elkraft, skriv selskapet i pressemeldinga.

– Etter ein grundig tilsetjingsprosess er eit samla styre svært nøgd med at Hermann Skromme har takka ja til stillinga. Det er ekstra hyggjeleg at vi enda opp med ein fagleg sterk intern kandidat som kjenner selskapet godt, seier Stig Håvik, styreleiar i Kvinnherad Energi.

– Eg ønskjer ikkje å gi noko programerklæring her og no, men er sjølvsagt svært glad for tilliten styret viser meg. Eg er veldig motivert til å ta fatt på dei nye oppgåvene, men er samtidig fullt klar over at jobben eg no går inn i vil bli både krevjande og utfordrande, seier Hermann Skromme.

– Styret ønskjer å takka Knut Førland for den solide jobben han har gjort som konstituert dagleg leiar sidan februar 2018. I ein utfordrande periode for selskapet, har Førland si breie leiarerfaring vore spesielt viktig. Førland vil samtidig tre inn igjen i styret, avsluttar Håvik.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags