Ventar på svar frå kraftselskapa

DEL


KOMMUNESTYRET: Kvinnherad kommune har sendt ut ein førespurnad om inngjeving av bod til BKK og Haugland Kraft i samband med eit eventuelt sal av nettdelen i Kvinnherad Energi.

I skrivet er det ei rekke spørsmål dei to kraftselskapa må svara på. Blant anna blir det spurd om kvifor kommunen og innbyggarane er tent med å selja, kva utbyte kommunen kan venta å få som eigar i selskapet, kva verdi selskapet har sett på Kvinnherad Energi si nettverksemd og om dei tilsette kan venta å behalda arbeidsoppgåvene og arbeidsstaden dei har i dag.

Fristen for det endelege bodet frå dei to kraftselskapa er sett til 31. mars.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags