Dei får frivilligprisen

Her ser du det mykje roste styret i Røde Kors Omsorg. F.v. Ingunn Mo Hardeland, Jane Nundal, Jorunn Mikkelsen (leiar), Gunn Nanny Røssland, Gerd Sylvi Prestnes og Sigrunn Saghaug. (Foto: Trude Aarsand).

Her ser du det mykje roste styret i Røde Kors Omsorg. F.v. Ingunn Mo Hardeland, Jane Nundal, Jorunn Mikkelsen (leiar), Gunn Nanny Røssland, Gerd Sylvi Prestnes og Sigrunn Saghaug. (Foto: Trude Aarsand).

Kvinnherad kommune sin frivilligpris 2019 går til Kvinnherad Røde Kors Omsorg.

DEL


Det melder Kvinnherad frivilligsentral i ei pressemelding måndag føremiddag.

«Gruppa for tildeling av Kvinnherad kommune sin frivilligpris er stolt over å kunngjera Kvinnherad Røde Kors Omsorg som vinnar av frivilligprisen for 2019.

Det er inga lett oppgåve å velje ut ein av dei mange flotte kandidatane med ei enorm dugnadsånd og «stå på vilje». Men denne gjengen utmerkar seg, og det er nokre ting tildelingsgruppa spesielt vil trekkja fram: Faste arrangement som «syng med oss», bussturar, blomsterhelsing og julekonfekt til bebuarane på sjukeheimane våre. I tillegg så rekrutterer denne gjengen mange andre frivillige i sitt arbeid».

Alle privatpersonar, lag og organisasjonen kan kvart år melda inn forslag til frivilligprisen.

I forslaget som kom inn om Kvinnherad Røde Kors Omsorg stod det mellom anna følgjande:

«Eg ønskjer å nominera Kvinnherad Røde Kors Omsorg. Dei gjer fleire frivillige tiltak som mellom anna «Syng med oss», eit flott arrangement for eldre og einslege på Husnes sjukeheim og i bygdene rundt. Dei som ikkje kan køyra sjølv vert henta og køyrt heim etterpå. Gruppa arrangerer «syng med oss» kvar 14 dag og her samlar dei mellom 80–120 menneske i kantina på sjukeheimen på Husnes. Her syng dei, har årar og «noko å bita i». Ved ulike høgtider har dei ekstra arrangement. Til jul går dei mellom anna rundt juletre, alle er med uansett om ein har rullator eller sit i rullestol. Dei har også eit samarbeid med presten slik at dei får ei andakt. Her rekrutterer dei også andre til å vera med på dugnaden og til spreia gleda rundt seg. Som regel har dei underhaldning gjerne med innslag frå andre frivillige som dugnadskoret eller Sundegutane. I tillegg til å arrangera fast «syng med oss», arrangerer dei bussturar om sommaren, alle bebuarar på sjukeheimane i Kvinnherad får ei blomsterhelsing til bursdag og til jul får dei ei konfekteske. Dei som er med i Kvinnherad Røde Kors Omsorg har gått gjennom ei grundig opplæring som omhandlar mellom anna teieplikt og grunnleggjande førstehjelp som HLR».

Torsdag 5. desember, på frivilligdagen, blir Kvinnherad Røde Kors Omsorg heidra med festmiddag og overrekking av prisen i festsalen på Kulturhuset Husnes.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags