BUA treng frivillige gjennom sommaren

SOMMAROPE: På BUA kan ein låna utstyr heilt gratis. Dei ønskjer fleire frivillige velkomne for å sikra at tilbodet kan vera tilgjengeleg gjennom sommarmånadane. Frå venstre ser vi Heidi Jakobsen, Britt Irene Lie, Celina Andersen, Josefine H. Gunning, Alicja Kudlaczak, Ingrid P. Fiskerstrand, Karianne Solheim og Veronica T. Thorsen. (Arkivfoto).

SOMMAROPE: På BUA kan ein låna utstyr heilt gratis. Dei ønskjer fleire frivillige velkomne for å sikra at tilbodet kan vera tilgjengeleg gjennom sommarmånadane. Frå venstre ser vi Heidi Jakobsen, Britt Irene Lie, Celina Andersen, Josefine H. Gunning, Alicja Kudlaczak, Ingrid P. Fiskerstrand, Karianne Solheim og Veronica T. Thorsen. (Arkivfoto).

For at tilbodet skal kunne oppretthaldast gjennom sommarmånadane, er BUA Kvinnherad avhengige av å få inn frivillige til å driva det populære gratistilbodet.

DEL

– Det har gått kjempebra etter opninga, skryt Veronica Thorkildsen Thorsen, leiar ved Kvinnherad Frivilligsentral, etter at BUA opna dørene på Husnes for vel ein månad sidan.

Her er det mogeleg å leiga diverse utstyr til forskjellige aktivitetar – heilt gratis. Stadig fleire oppdagar tilbodet og det er nye fjes innom kvar gong BUA er open.

– Vi har ope i eit par timar på ettermiddagen kvar måndag og onsdag, informerer ho.

Dette er eit tilbod Thorsen ønskjer at skal halda fram gjennom sommarmånadane, då ein går inn i tida med mange kjekke sommaraktivitetar.

– Vi fekk ekstra tilskot på 300.000 kroner på sjølve opningsdagen, så no har vi handla inn mykje ekstra utstyr som ventar på å bli tatt i bruk, smiler ho.

Dei kan skryta av å ha syklar, kajakk, kano, vasski og anna utstyr til vassportaktivitetar – som er svært populært på sommartid.

– Det er klart vi vil at utstyret skal vera i bruk, så vi kryssar fingrane for at vi ikkje må ha sommarstengt, held Thorsen fram.

Frivillige

Heile drifta til BUA er tufta på frivilligheit, og det er absolutt ein fordel å vera fleire på kvart skift, då enkelte vakter har vore travle og interessa for å bruka utstyrssentralen har vore aukande.

– Alle er hjarteleg velkomne til å vera frivillige! Ein vil få opplæring, og systemet er enkelt og brukarvennleg. I tillegg kan ein ringa til support om det er noko ein skulle vera usikker på, så sånn sett er ein aldri åleine, seier Thorsen.

Om ein ønskjer å bidra, kan ein lett melda seg, og med åtte frivillige kan ein halda ope i to veker der kvar enkelt har eit skift på 2,5 timar.

– Ei gulrot til dei som stiller som frivillige, er at dei alltid vil ha tilgang til utstyret, også utanom dei annonserte opningstidene, freistar Thorsen, som håpar at situasjonen i sommar vil løysa seg, slik at mange kan nytta gratistilbodet.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags