Sjå kven som var på opninga av «BUA»

14. mai 2019, kl. 13:53

Måndag var det opning av «BUA Kvinnherad», og i tillegg kom nyhendet om at den nye utstyrssentralen får 300.000 kroner i statsbudsjettet. Ein stor dag for mange, med andre ord! «BUA» er eit kinderegg av eit tilbod: Det er for alle, uavhengig av sosiøkonomisk bakgrunn, det er miljøbesparande fordi du kan låna ting gratis og slepp å kjøpa det, og så skal det få fleire i aktivitet. Det er nesten som eit bibliotek, berre med aktivitetsutstyr. «BUA» er eit samarbeid mellom fleire kommunale aktørar: Frivilligsentralen, Kulturhuset Husnes, Utekontaktane, ungdomssenteret, Eining for Aktivitet, læring og meistring og undergruppa Aktiv fritid.