Bli høyrt som gjestebodsvert: – Det er innbyggjarane sin plan, ikkje vår

Samfunnsutviklarane Hildegunn Furdal og Harald Maaland håpar at fleire vil hoppa saman med kommunen inn i framtida og Kvinnherad2050. No ynskjer dei at fleire vil bli gjestebodsvertar.

Samfunnsutviklarane Hildegunn Furdal og Harald Maaland håpar at fleire vil hoppa saman med kommunen inn i framtida og Kvinnherad2050. No ynskjer dei at fleire vil bli gjestebodsvertar.

Kvinnherad kommune vil gjerne høyra frå dei som vanlegvis ikkje deltek på tradisjonelle møte om kommuneplanar. Dei ynskjer derfor at endå fleire melder seg som gjestebodsvert.

DEL

Samfunnsutviklarane i kommunen er i full gang med å engasjera innbyggjarane i Kvinnherad2050.

– Det er innbyggjarane sin plan, ikkje vi som jobbar i kommunen. Dette skal vera handboka for korleis vi vil ha det i Kvinnherad kommune i framtida. Derfor er det viktig at innbyggjarane sine meiningar kjem fram, seier Hildegunn Furdal, samfunnsutviklar ved seksjon for næring og utvikling.

Gjestebod

Gjestebodsvertordninga til Kvinnherad kommune er ein måte å gi innspel til kommuneplanen på, utan å måtta reisa seg i forsamlingar eller bruka store ord. Her kan ein sitja rundt eit bord og diskutera med likesinna.

– Dette føregår slik at ein person melder seg som gjestebodvert. Denne personen får så tilsendt materiell frå kommunen, med ulike tema og spørsmål som ein tar opp, forklarer Harald Maaland.

Gjestebodsverten inviterer så til ei lita samling eller eit sosialt lag, for diskusjon og tankelufting av desse.

– Her kan ein sjølv velja om det er naboar, klubben eller bygdelaget ein inviterer. Ein kan ha det kor ein sjølv vil, om det så er i stova eller på ein kafé. Det er heilt opp til vertane sjølve, seier Furdal.

Ulike grupper

Verten er ein form for ordstyrar, i tillegg til å senda inn svara til kommunen i etterkant. Det er fleire grupper av innbyggjarar kommunen ynskjer å høyra frå på denne måten – som familiar med og utan barn, innbyggjarar over 60 og dei som bur utanfor Kvinnherad.

Gruppene får tilsendt materiell med nokre spesifikke spørsmål og nokre generelle. Erfaringa er at når ein fyrst byrjar å snakka i lag, kjem ein gjerne opp med nye forslag til løysingar, tips og idéar. Samfunnsutviklarane håpar å høyra frå folk i alle delar av kommunen og frå alle samfunnslag.

– I etterkant skal vi gå gjennom alt, og vi skal bruka dette til å formulera mål og strategiar til samfunnsdelen av kommuneplanen. Dette vil gi oss eit godt kunnskapsgrunnlag til Kvinnherad2050, forklarer Maaland.

– Dette blir det viktigaste dokumentet Kvinnherad har. Om nokon kunne tenkja seg å bli med på dette, eller har spørsmål, er det berre å kontakta oss ved avdelinga for samfunnsutvikling. Viss bygdelag ynskjer at kommunen lagar info-møte om planarbeidet, stiller vi òg gjerne opp, seier Furdal.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags