Kvinnherad kommune har tilsett ny næringssjef

Grete Solheim er ny næringssjef. (Foto: Trude Aarsand).

Grete Solheim er ny næringssjef. (Foto: Trude Aarsand).

Grete Solheim (52) er ny næringssjef i Kvinnherad kommune, melder kommunedirektør Ragnhild Bjerkvik i ei pressemelding fredag.

DEL

Stillinga som næringssjef blei lyst ut i juni.

Grete er utdanna innan økonomi og har og ei mastergrad innan leiing. Ho er finansrådgjevar, og har i tillegg nyleg avslutta vidareutdanning innan ulike teknologi- og it-emne retta mot næringslivet.

Ho kjem frå stillingar som banksjef og bedriftsrådgjevar i Sparebank 1 SR-bank, og har lang og allsidig erfaring derifrå. Frå før har ho erfaring frå Boliden og Elkem, skriv kommunedirektøren.

Solheim tar til i stillinga 1. februar.

– Eg ser med glede fram til å få Grete med på laget i arbeidet med å utvikla Kvinnherad kommune som ein god fasilitator for næringslivet i kommunen, samt leggja til rette for og bidra til at nye aktørar finn det interessant å etablera seg i vår region, seier kommunedirektør Ragnhild Bjerkvik.

Brenn for næringsutvikling

– Eg gler meg til den spennande jobben og er veldig glad for å ha blitt vald, kvitterer påtroppande næringssjef Grete Solheim.

Solheim trur at erfaringa ho har frå SR-Bank gjer henne skikka til å gjera ein brukbar jobb for næringslivet i Kvinnherad.

– Eg har jobba tett på næringslivet i mange år og kjenner godt bransjane og mange av utfordringane. Mellom anna det som går på teknologi, digitalisering og grønt skifte. Her er det viktig at Kvinnherad posisjonerer seg framover, og det håpar eg å kunna bidra med. Eg brenn for næringsutvikling og gler meg til å jobba fulltid på dette spennande området, seier den nytilsette næringssjefen til Kvinnheringen like etter at nyhendet blei kjent.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags