No kan du vera med å bestemma korleis Kvinnherad skal sjå ut i framtida

Arbeidet med ein ny kommuneplan, #Kvinnherad2050, er i gang. Då er det store spørsmålet: Korleis vil du ha det i Kvinnherad kommune?

DEL

No har du sjansen til å komma med ditt innspel til korleis denne skal utformast.

– Planane vi har i dag er gamle, så vi treng å fornya oss for å imøtekomma nye behov og gjera Kvinnherad kommune meir attraktiv, seier ordførar Peder Sjo Slettebø.

Han viser til at det har vore fleire enkeltsaker som har engasjert i det siste, og gjennom ny kommuneplan kan fleire få realisert draumane sine, som eksempelvis å byggja hus på heimgarden sin. Men dette er ikkje eit mål ein når dersom ikkje vanlege folk engasjerer seg.

– Kommuneadministrasjonen og dei folkevalde har tankar og idear om den nye kommuneplanen, men den blir endå betre om den er farga av menneska som bur her, held han fram.

Dei fagleg ansvarlege som drar i trådane for å utvikla ein ny kommuneplan vil no gjerne høyra kva du meiner er viktig.

– Ofte kan eit radikalt forslag setja i gang ein diskusjon med mange deltakarar, og saman finn ein den optimale løysinga. Så det er berre til å komma med idear, seier Kjartan Thoresen, avdelingsleiar for samfunnsutvikling i Kvinnherad kommune.

FAGLEG ANSVARLEGE: Samfunnsutviklarane Harald Maaland, Lene Gjuvsland Skjelnes, Hildegunn Furdal og Kjartan Thoresen i Kvinnherad kommune tar gledeleg i mot innspel frå innbyggjarane til kommuneplanen.

FAGLEG ANSVARLEGE: Samfunnsutviklarane Harald Maaland, Lene Gjuvsland Skjelnes, Hildegunn Furdal og Kjartan Thoresen i Kvinnherad kommune tar gledeleg i mot innspel frå innbyggjarane til kommuneplanen.

Ungdommen si stemme

– Vi ser at vi ofte manglar ungdommane si stemme, og denne er svært viktig. #Kvinnherad2050 er like mykje for dei som for alle andre, informerer Thoresen.

For å gjera ungdommane meir forberedt og til aktive medborgarar, skal Bjørn Olav Tveit i haust gjennomføra eit tverrfagleg prosjekt ved Rosendal ungdomsskule. Gjennom prosjektet skal elevane bli betre kjent med kommuneplanar og korleis demokratiet fungerer ved å gjennomføra prosjekt som har opphav i realiteten.

– Med tanke på framtida er det viktig å gjera ungdommane meir rusta til å delta i offentlege diskusjonar, slik at vi veit at vi får løfta fram meiningane deira. Og vel så viktig er det at vi lyttar til dei, seier han.

Kva er ein kommuneplan?

Ein kommuneplan er det overordna styringsdokumentet til kommunen som skal gi ein langsiktig og føreseieleg politikk og arealbruk for innbyggjarane. Kommuneplanen skal innehalda ein samfunnsdel og ein arealdel. Samfunnsdelen skal innehalda tematikk som eksempelsvis korleis ein ynskjer at samfunnet skal vera i framtida, kva område ein skal satsa på og kva arbeidsplassar ein vil skapa. Spørsmål om kva ein kan gjera for å snu fråflytting og den negative folkevekstutviklinga, og sikra at det er liv i bygdene, er også viktige problemstillingar ein søkjer svar og gode løysingar på. Arealdelen vil derimot vera viktig for mange som har planar om å utvikla eigedomen sin. Mange prosjekt har tidlegare blitt stoppa av Fylkesmannen, fordi dei ikkje samsvarar med eksisterande kommuneplan.

– Har du planar og tenker å utvikla eigedomen, bør du ta del og komma med forslag til den nye kommuneplanen, for då blir det lettare for kommunen å hjelpa om det allereie blir tatt med i ramma for den nye arealdelen, understrekar ordføraren.

I tillegg er det viktig å leggja til rette for næringslivet i arealdelen, slik at ein er klar for sjansar som plutseleg byr seg.

– Vi har beredskapsplanar for krisehandering, men ingen for flaks! Plutseleg kan det komma ein unik sjanse med ei nyetablering eller investor som kan føra til stor vekst og etablering av nye arbeidsplassar. Då må vi vera klare, konstaterer Thoresen.

Tidsperspektiv

Frå slutten av mai og fram til november vil dei fagleg ansvarlege i kommunen ta i mot forslag frå innbyggjarane, før ein ferdig utarbeida kommuneplan skal opp i kommunestyret til dei folkevalde om halvtanna år.

– Det neste halvåret er det valkamp, så dette er ein ypparleg måte å få nye politikarar til å engasjera seg og ta viktige saker opp og fram, seier Thoresen.

For å nå ut til fleire, har kommunen laga ei nettside for #Kvinnherad2050, slik at det skal vera lettare for folk flest å finna informasjon og kontakta kommunen med innspel til endringar i planen. Nye medverknadsmetodar vil bli tatt i bruk, og i løpet av det neste halvåret vil det vera forskjellige tiltak og arrangement for å skapa blest og komma i snakk med folk.

– Om ikkje folk kjem til oss, må vi ut og møta dei der dei er. For folk er så viktig i utviklinga av denne planen. Vi er alle kvinnheringar som vil gjera Kvinnherad attraktiv, frisk og grøn, og mange sit på gullkorn av idear. Desse vil vi ha tilgang til! avsluttar dei fagleg ansvarlege.

Skjermdump av nettsida til #Kvinnherad2050 som no ligg tilgjengeleg om ein lurar på noko eller vil komma med innspel til kva som er viktig å få inn i den nye kommuneplanen.

Skjermdump av nettsida til #Kvinnherad2050 som no ligg tilgjengeleg om ein lurar på noko eller vil komma med innspel til kva som er viktig å få inn i den nye kommuneplanen.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags