Kommunen kan mista 3,3 millionar med ny lærarnorm

Av
DEL

Stortinget har fatta vedtak om ei ny norm for lærartettleik på skulenivå. Kvinnherad kommune skal senda ein høyringsuttale til Utdanningsdirektoratet, og der peikar Rådmannen på at den nye lærarnorma prioriterer store bykommunar med store klassar, medan den for distriktskommunar som har små skular og små klassar ikkje får nokon positiv effekt.

Problemstillinga er at mest alle skulane i Kvinnherad tilfredsstiller den nye lærarnorma. Viss staten då trekkjer inn tilskotet for tidleg innsats i 1.–4. trinn som kommunane har fått dei siste åra, og fordeler dette ut til kommunar som ikkje innfrir den nye lærarnorma, kan Kvinnherad kommune i verste fall tapa om lag 3,3 millionar kvart år.

Det er no viktig at staten finn ei god ordning for tilskot til den nye ordninga. Det må ikkje bli slik at dei kommunane som har halde eit lågt elevtal per lærar skal tapa på ordninga, skriv Rådmannen i høyringsuttalen.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags