Vil ha omlegging av Fetvegen

DEL

Innbyggjarar i Fetvegen i Omvikdalen har kome med eit innspel til kommunedelplanen der dei ber om at det må koma ei omlegging av denne vegen. Dei viser til den store nyetableringa som har vore i bygda dei siste åra, som dei ser som positive, men peikar på at trafikken nærast har eksplodert som ei følgje, og at mange trafikkfarlege situasjonar oppstår.

I tillegg viser dei til at berre halve byggjefeltet Fitjaheio er utbygd, og at dagens vegsituasjon ikkje vil tola ei større vekst. Innbyggjarane peiker på at krysset frå Fetvegen mot fylkesvegen er uoversiktleg og farleg, men at ein unngår dette ved ei omlegging av vegen. Dei viser til ein tidlegare plan, som innebar avkøyrsle frå brua på fylkesvegen og opp langs elva, med tilknyting til Fetvegen lenger oppe.

– Tida bør vera inne for å pussa støv av denne planen, føreslår innbyggjarane.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags