Markerer jubileet med næringslunsj

Artikkelen er over 1 år gammel

Fredag 31. august blir det feiring av Kvinnherad Næringsservice sitt 35-årsjubileum.

DEL


På haustens første næringslunsj for medlemsbedriftene blir det ei markering av organisasjonen sin rikhaldige historie. Arne Torget skal vera konferansier, medan ordførar Peder Sjo Slettebø ønskjer velkommen.

Fire av dei tidlegare næringssjefane vil så mimra over den 35 år lange historia til næringsservice med eit tilbakeblikk. Kjell Odd Nygård, styremedlem i KNS, vil fortelja om næringsutviklinga som har skjedd i Kvinnherad denne perioden næringsservice har eksistert. Det blir òg tid til helsingar og mingling. Dei som ønskjer å vera med på markeringa må melda seg på til Kvinnherad Næringsservice, og alle medlemsbedriftene skal ha fått invitasjon på e-post.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags