Endrar ruta for at fleire skal kunna delta

Støttemarsjen mot vindmøller vil no gå via Bremstølen for at fleire skal kunna vera med. Her ser vi Mari Varanes i Kvinnherad Turlag frå ein tidlegare aksjon mot utbygging av vasskraftverk i Helldalselva (Akrivfoto).

Kvinnherad Turlag har endra ruta for støttemarsjen mot vindmøller i fjellet søndag 12. mai, etter at dei har motteke fleire titalls meldingar frå folk som gjerne vil delta.

DEL

– Mange har vist interesse for støttemarsjen, og ytra ønskje om ein tur alle kan vera med på, seier Mari Varanes i Kvinnherad Turlag.

Difor vil støttemarsjen no starta ved paviljongen i Husnesparken søndag morgon. Her blir det korte appellar mot vindkraft i fjella, før turen går til Retro/busstasjonen og deretter vidare opp i terrenget til Bremstølen.

Derifrå kan ein velja om ein vil vera med vidare til Mjelkhaug, som er eit av dei aktuelle områda for utbygging av vindmøllepark.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags