Fekk århundrets julegåve

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Sparebankstiftinga har gitt solide 350.000 kroner til nye hjartekompresjonsmaskiner til ambulansetenesta i Kvinnherad.

– Dette er berre århundrets julepresang for oss strålar, Rune Helland, Nils Rørdal, Petter Nernes og Atle Holm ved ambulansetenesta i Kvinnherad.

Då har dei nett fått tildelt ein sjekk på fantastiske 350.000 kroner frå Sparebank1-stiftinga.

Tidleg i november starta Velferdsavdelinga ved ambulansestasjonen ei innsamlingsaksjon for å få pengar til ein hjartekompresjonsmaskin. Berre ei maskin kostar 176.000 kroner.

Med denne gåva vil ein ha råd til maskiner til begge ambulansane, og dei fire karane lovar at det vil redda liv.

– Med dette kan vi gje optimal behandling til innbyggjarane. Vi føler verkeleg vi blir sett pris på, og no kan vi gje same hjelpa til våre folk som dei urbane i byane får, seier Nils Rørdal.

– No kan vi utføra behandling under transport, og det vil vera med å redda enno fleire liv. Vi har god statstikk frå før på gjenoppliving i Kvinnherad, mellom anna fordi kvinnheringane er gode på førstehjelp, men no kan vi faktisk bli enno betre, strålar dei fire i ambulansetenesta. 

– Aksjonen som vart starta i november måtte kanskje gått i eit heilt år før vi kunne kjøpt desse maskinane, men no kan vi få dei i år. Det er rett og slett gull frå Sparebank1-stiftinga, seier Atle Holm.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags