For 25 år sidan gjekk desse 17 ut av 6. klasse ved Valen skule. Kor er dei i dag?

Folketalsutviklinga for Kvinnherad har vore dyster lesnad dei siste åra. Men kvifor flyttar folk vekk, og kva skal til for å få dei tilbake? Og kva gjer at dei som ikkje har flytta, likar seg i Kvinnherad?
Publisert

Øvste rad frå venstre på hovudbildet: Even Jacobsen, Øystein Lie Sundal, Tormod Sætre Mortensen, Kjartan Thoresen, Lata Marie Avsnes Hauge, Tor Steinar Eskeland, Jan Sigurd Handeland og lærar Ragnhild Røstbø. Rekke to, frå venstre: Veronica Thorkildsen Thorsen, Renate Haugs, Evelyn Opsanger, Merethe Kongsvik Aase, Rannveig Skogseth og Nilima Handeland. Rekke tre, frå venstre: Hanne Kirkenes Løvik, Einar Kleppe Holthe, Tone Tjelmeland og Robert Haugland. (Foto eigd av Valen skule).

1995: 17 ungdomar i sitt trettande år er i ferd med å fullføra barneskulen. Få, om nokon, veit kor dei kjem til å vera 25 år fram i tid. Eller kva dei kjem til å halda på med, for den del. Alle har dei nok draumar for framtida, om kor dei skal bu, kva dei skal jobba med og kva som skal bety noko for dei. Verda ligg for føtene deira, men éin ting er nok sikkert: Dei vaksne, både foreldre, tantar, onklar, lærarar og dei som styrer Kvinnherad kommune, har eit håp om at desse trettenåringane skal slå seg ned i Kvinnherad som vaksne. Dei er jo Kvinnherad sitt framtidshåp. Men blir dei verande?

2020: Ungdomane er blitt vaksne, nærmare bestemt 38 år i år. Dei fleste er no ferdige med utdanning, mange har etablert seg. Ti av dei 17 blei verande i Kvinnherad. Sju flytta vekk. 41,18 prosent slo seg med andre ord ned i andre kommunar enn den dei vaks opp i. Men kva var det som til slutt avgjorde kor dei busette seg? Kan vala deira fortelja oss noko om kvifor folk flyttar vekk frå Kvinnherad, som igjen bidreg til at folketalet i Kvinnherad går ned? Er det tilfeldig at det blir sånn, eller manglar kommunen vår noko vesentleg som må til for å halda på folk, lokka dei tilbake hit? Og når det kjem til dei ungdomane som blei verande, eller kom tilbake; kva kvalitetar meiner dei Kvinnherad har som gjer dette til verdas beste stad å bu? La oss sjå nærmare på kva den tidlegare skuleklassen har å fortelja oss:


Even Jacobsen:

I dag er eg etablert i Svolvær med kone og to barn på snart 17 og 12 år. Eg jobbar som musikklærar på ein ungdomsskule. Av utdanning tok eg allmennlærarutdanning med musikk og teiknspråk som fordjuping. Det var forresten læraren vår på barneskulen, Ragnhild Røstbø, som inspirerte meg til å bli lærar.

– Kvifor flytta du til Svolvær?

– Då eg gjekk på folkehøgskule trefte eg ho som skulle bli kona mi, og ho er frå Svolvær.

– Trur du at det blir aktuelt å flytta heim til Kvinnherad nokon gong, og kvifor/kvifor ikkje?

– Nei, det blir ikkje aktuelt. Vi prøvde å bu i Kvinnherad i eitt år, men såg at det blei veldig vanskeleg då kona mi ikkje hadde sertifikatet og vi hadde ein liten ein. Kollektivtilbodet var altfor dårleg til det. Dessutan sakna vi uteplassar og kafear, og det har vi mykje av i Svolvær. Pluss at vi har eit fantastisk flott sentrum her og ein nydeleg natur.


Øystein Lie Sundal:

Eg er busett og etablert på Valen, og trivst her. Sjølvstendig næringsdrivande.


Tormod Sætre Mortensen:

– Eg flytta frå Kvinnherad saman med foreldra mine då eg var 15, på grunn av jobbsituasjonen deira. No bur eg på Karmøy, her har eg budd sidan 2017. Eg er utdanna sosionom, og jobbar ved Karmøy DPS i Kopervik. Eg jobbar på ei ungdomseining for rusrehabilitering, og er etablert med sambuar og to barn på fem og to år.

– Trur du at du kjem til å flytta tilbake til Kvinnherad nokon gong?

– Nei, det tvilar eg sterkt på. Eg har jo litt familie der enno, men eg har budd vekke frå Kvinnherad så lenge at det ikkje ville vore naturleg for meg, og eg har dessutan ein jobb som eg trivst fantastisk godt i her som eg bur no.


Kjartan Thoresen:

Eg flytta heim igjen til Kvinnherad i 2007, etter å ha studert i Bergen, der eg tok ein master i geografi.

– Kvifor kom du heim?

– Eg søkte og fekk tilbod om ein veldig spennande jobb i Kvinnherad kommune, som samfunnsutviklar.

– Hadde du kome heim uansett, trur du?

– Det var ikkje sånn at eg på daud og liv skulle heim til Kvinnherad, så jobben blei ganske avgjerande. Og så er det ein fordel å ha familie og nettverk der du skal bu, då.

I dag er Thoresen etablert i Dimmelsvik med sambuar og to barn på fire og seks år.

– Kva er bra med å bu i Kvinnherad, og kva er ikkje så bra?

– Det er eit akkurat passeleg stort lokalsamfunn der vi har det meste vi treng av tilbod, og ikkje minst ein flott natur. Men vi må få oss betre kommunikasjonar med omverda.


Lata Marie Avsnes Hauge:

– Eg har blitt verande i Kvinnherad, har mann og barn, og har faktisk ganske nyleg kjøpt Røsslandsgarden. Eg held på med eit deltidsstudium som gartnar i Ulvik i Hardanger, medan eg har full jobb som hjelpepleiar i kommunen til dagleg. Frå den nye garden håpar eg å kunna dyrka økologiske grønsaker for sal.

– Kvifor blei du verande?

– Vi har så mykje flott natur her, med fjord, fjell og alt som er. Dessutan oppdaga eg, då eg budde i Bergen ei lita stund, at eg sette umåteleg stor pris på å koma heim til Kvinnherad, ta meg ein tur på senteret, og oppleva at folk snakka med meg og visste kven eg var. I byen blir ein fort litt anonym, men her kjenner dei fleste kvarandre, og eg merkar at eg set pris på det.


Tor Steinar Eskeland:

– Eg er busett på Valen og jobbar i Skånevik som produksjonsleiar ved Sunnhordland mekaniske verkstad. Av utdanning har eg fagbrev som mekanikar. Eg har sambuar. Grunnen til at eg blei verande i Kvinnherad, er at eg har venner og familie her, men også tilgang til naturen som vi har her. Det som ikkje er fullt så bra i Kvinnherad, er jo kommunikasjonen inn og ut av kommunen. Når ein jobbar vekke, eller har kundar ein skal besøka og ha på besøk, så hadde vore eit stort føremon med ein meir føreseieleg og god kommunikasjon. Det burde også vore betre tilgang på tomter/eigedom her.


Jan Sigurd Handeland:

– Eg er busett på Valen med sambuar og har budd her heile vegen. Det er eg godt fornøgd med, eg har aldri hatt trong for å flytta herifrå. Eg er utdanna skipsførar frå fiskarfagskulen på Austevoll, og har jobba rundt i Norled-systemet fram til for rundt halvtanna år sidan, då begynte eg som skipsførar på ferja mellom Utåker og Skånevik.

– Er det noko du saknar i Kvinnherad?

– Eg kjem ikkje på noko.


Veronica Thorkildsen Thorsen:

– Eg er lykkelig gift med barndomskjæresten min Trond og han er nok hovudgrunnen til at eg blei buande i Kvinnherad. Vi har halde i lag i mange år og vore gift i snart 16. Vi har busett oss på «Costa del Valo», og vi stortrivst på heimplassen vår. I lag har vi barna Tristan på 14, Aragon på 12 og Amelia på 6 år, dessutan er vi ein del av storfamilien som ofte er i lag. Fleire dagar i veka er vi i lag med foreldra og søskena mine med familiar, og har felles måltid. Det er ikkje sjeldan vi er seksten personar til middag. I tillegg til dette har vi ein fin svigerfamilie rundt oss, og dette er definitivt med på å halda oss heime i Kvinnherad. Familie er viktig for oss og ein viktig del av kvardagen vår. Arbeid og arbeidsplassar er heilt klart også viktig. Eg har utdanna meg som sjukepleiar med spesialutdanning i rus omsorg og no òg med ei etterutdanning i frivilligheit. All utdanning er tatt ved Høgskulen på Stord/Haugesund og Høgskulen på Vestlandet. Eg arbeider i dag som dagleg leiar i Kvinnherad frivilligsentral. Viktig for meg og min familie er å vera med på aktivitetar i heimkommunen, både for ungane våre og for betre levekår i kommunen. Vi er difor frivillige både i idrettslaget Trio, Valeparken og Valedamene. Eg trur at kultur, aktivitetar og tilbod har mykje å seia for at folk blir buande i kommunen vår.


Renate Haugs:

– I dag bur eg i Teigen med sambuar, hennar fire døtrer og dottera mi, så vi er sju jenter i ein heim. Eg budde vekke i tolv år, men då eg fekk ei dotter ville eg heim til familie og venner, og eg ville gi henne ei oppvekst på bygda i staden for i byen. I dag er eg ufør, men eg er framleis artist, eg syng og skriv songar. Eg synest det er både fordelar og ulemper med å bu i Kvinnherad. Det er jo trygt og godt her, noko som var ei sterk drivkraft for å koma tilbake. Ungane kan springa til sjøen og bada, det er idyllisk og dei fleste vil ein vel. Den største ulempa er etter mitt syn at det kan bli litt vel små forhold og litt mykje bygdesnakk. Men det er rart med det; i byen blir ein fort så anonym at ein saknar å koma heim til landsbygda, men her blir alt fort så gjennomsiktig at ein saknar å koma til byen. Vanskeleg å få både i pose og sekk, med andre ord.


Evelyn Opsanger:

– Eg bur på Valen, og har aldri budd nokon annan stad. Eg har berre ikkje hatt behovet for å flytta vekk. Eg jobbar som barne- og ungdomsarbeidar ved Sunde barnehage. Eg er gift og har fem barn.

– Er det noko spesielt som gjer at du synest Kvinnherad og Valen er den beste plassen å bu?

– For meg har det alltid vore viktig med nærleik til familien min som eg er sterkt knytt til. Eg fekk òg mann og barn ganske tidleg, så då blir ein jo litt meir bunde, men eg hadde nok aldri flytta frå Kvinnherad uansett. Eg trivst veldig godt her.

– Er det noko du saknar i Kvinnherad?

– Ikkje av tilbod. Men for meg er dette med gode skular og barnehagar viktig, der ein har fokus på tidleg innsats og barna sitt beste. Eg blir til dømes litt oppgitt når ein blir presentert for løysingar om at berre ein slår saman skular til storskular, så blir alt så bra. Eg trur korkje for små eller for store skular er bra, vi må ein mellomting. Sjølv er vi strålande fornøgde med Valen skule, som nettopp er passe stor.


Merethe Kongsvik Aase:

Eg flytta til Haugesund i 2001, då eg var ferdig med vidaregåande, der eg studerte sjukepleie. Eg hadde eit ønske om å vera vekke frå Kvinnherad nokre år, men det var ikkje nødvendigvis sånn at eg aldri skulle tilbake. Men så fekk eg meg fast jobb i Haugesund, blei kjent med mange folk, sette pris på alle tilboda byen hadde, og likte meg rett og slett veldig godt. Sidan har eg berre blitt i Haugesund, her eg i dag har jobb ved Haugesund sjukehus, og er etablert med mann og tre barn.

– Kunne du tenkt deg å flytta tilbake til Kvinnherad noka tid, og kvifor/kvifor ikkje?

– No er eg så etablert i Haugesund, at det ser eg ikkje som aktuelt. Kvinnherad var ein fantastisk plass å veksa opp, med naturopplevingar i fleng. Eg mangla aldri noko i Kvinnherad under oppveksten. Men reint jobbmessig er det meir å velja i her i Haugesund, og i tillegg er det meir kulturtilbod her.


Rannveig Skogseth:

– Eg bur på Husnes, i Rustene, i lag med sambuaren min, og jobbar ved Hydro Husnes.

– Kva er det med Kvinnherad som gjer at du har blitt verande?

– Familie og venner, jobben og ikkje minst naturen her. Eg likar å gå tur i fjellet, og er ofte utpå med båt og fisker. Eg kjem ikkje på noko eg saknar i Kvinnherad!


Nilima Handeland:

– Busett på Lothe i Hardanger med sambuar som er eplebonde.


Hanne Kirknes Løvik:

– Eg flytta til Oslo i 2001, då eg var ferdig på vidaregåande. Eg har studert journalistikk i Volda, og då eg fekk meg praksisplass i VG og kom meg inn i bransjen i hovudstaden, var eigentleg mykje gjort. I tillegg trefte eg ein kar som også er journalistutdanna, så då var Oslo ein grei stad å bu, for her er det nok av jobbmoglegheiter for begge. I dag bur vi på Nesodden rett utanfor Oslo, eg , sambuaren min og dei to barna våre. Nesodden er ein stad som kan minna litt om Kvinnherad med furuskog og alt som er. Eg jobbar i dag ved Institutt for journalistikk, ein vidareutdanningsinstitusjon for journalistar.

– Kunne du tenkt deg å flytta heim til Kvinnherad nokon gong, og kvifor/kvifor ikkje?

– Kvar gong vi er på sommarferie i Kvinnherad så tenker eg at det kunne vore herleg å bu der, men så kjem vi heim til Austlandet igjen, og då tenker eg at Austlandet er ein veldig fin stad å bu på hausten. Så nei, det blir vel ikkje aktuelt slik livet er no. Jobbtilgang er det nok det som har mest å seia for den avgjersla, og han er er saman med har jo sitt han skal seia, han òg.


Einar Kleppe Holthe:

– Eg skulle eigentleg studera til å bli ingeniør då eg reiste til Oslo etter vidaregåande, men så begynte eg å jobba med kaffi i staden for, i kjeda Stockfleths. Her fekk eg læra meg om spesialkaffi, den internasjonale kaffimarknaden, produksjon og utvikling, og sidan balla det på seg for meg i kaffibransjen, der eg etter kvart tok over Stockfleths-kjeda. Vi kjøpte jo også Kaffefuglen, no Fuglen, som vi i 2012 utvida til Tokyo. Eg har også andre selskap og konsept i Norge og Tokyo, så eg vekslar mellom å bu i Gamlebyen i Oslo, som er heimen til meg og familien, og Tokyo, der eg har leilegheit. Eg hadde ein veldig fin barndom på Eikelandsberget i det fellesskapet som var der, og eg meiner det er ein kjempestyrke å koma frå nettopp Kvinnherad. Men eg hadde alltid ein draum om å bu i ein større by, så då eg først var komen til Oslo, var mykje gjort. Eg fekk barn tidleg, og brått så var eg etablert der. I dag har eg fire barn, og er gift.

– Kunne du tenkt deg å flytta heim til Kvinnherad nokon gong, og kvifor/kvifor ikkje?

– Eg har faktisk leikt med tanken fleire gonger. Men alt til si tid, og på dette tidspunktet i livet er det ikkje aktuelt med tanke på jobben. Det er greitt å ha basen sin i Oslo når ein pendlar til Japan, då betyr logistikken ein god del. Men ingen veit sjølvsagt kor vegen fører oss i framtida, når ungane er blitt eldre og slike ting. Kvinnherad er i alle fall den mest fantastiske plassen både eg og ungane veit om når det kjem til feriering!


Tone Tjelmeland:

– No bur på Valen med dei to barna mine, men eg budde vekke frå vidaregåande og fram til eg var i slutten av 20-åra. Eg lengta elles alltid litt heim, og det var her eg hadde lyst til å busetja meg. Eg studerte juss i Bergen, der eg også jobba nokre år. I dag jobbar eg ved Kvinnherad lensmannskontor, som fagrådgjevar.

– Kvifor ville du bu i Kvinnherad?

– Eg er glad i naturen, og brukar både fjellet og sjøen når eg kan. Valen er dessutan ei veldig inkluderande og god bygd å bu i.

– Er det noko du saknar, som hadde gjort Kvinnherad til ein endå betre kommune å bu i?

– Det hadde jo ikkje gjort noko om vi hadde hatt betre kommunikasjon til og frå Kvinnherad. Ein rask veg til ein by hadde hatt mykje å seia for mange, trur eg.


Robert Haugland:

– Eg har flytta til Grinde i Tysvær. Her har eg bygd hus og fått meg familie. Eg er tilsett på Stord, med daglege arbeidsoppgåver i Sandeid. Eg er elektroingeniør og teknikar for Aritech, som har hovudkontor på Stord. Utdanninga som fagteknikar tok eg ved Bergen tekniske fagskule. Eg budde heime i Kvinnherad etter utdanninga, heilt fram til 2018 faktisk, medan eg jobba på Stord. Men ho eg er i lag med, er frå Aksdal, så det spelte inn då vi skulle avgjera kor vi ville bygga hus. I tillegg ligg Grinde, trass i at det er på landsbygda, ein god del meir sentralt i høve til å koma meg på jobb, på fly og så bortover.

– Kunne du tenkt deg å flytta heim til Kvinnherad nokon gong, og kvifor/kvifor ikkje?

– Eg vil jo ikkje utelukka det, men det blir nok ikkje aktuelt inntil vidare, for no når eg har fått ungar, så vil eg ikkje riva dei opp frå skule og nettverk. Kvinnherad ligg dessutan litt vanskeleg til i høve til å koma seg ut av kommunen. Skal ein til byen, anten det er Bergen, Haugesund eller Stavanger, må det planleggjast, og det tek fort eit par timar eller meir å koma seg til ein by. Eg tenkjer at Kvinnherad godt kunne hatt litt meir hårete mål når det kjem til å satsa på samferdsel.


Artikkeltags