Gå til sidens hovedinnhold

Tilbyr kurs for ferske foreldre

Artikkelen er over 4 år gammel

Etter å ha gjennomført fleire såkalla COS P-kurs for grupper av fosterforeldre dei siste tre åra, ønskjer kommunen å få i gang slike kurs også for heilt ferske foreldre.

Det femte foreldrekurset for fosterforeldre vart nyleg gjennomført i lokala til PTT-tenesta på Husnes. Fire fosterforeldre har gjennomført åtte halvannantimars-samlingar basert på det såkalla COS P-programmet. Det har amerikansk opphav og bokstavane står for Circle of security parenting.

– Det er eit tilknytingsprogram basert på ein trygg sirkel for barnet. Barnet må få støtte i den stegvise utforskinga av verda, samstundes som det skal vita at det heile tida har ein trygg base å venda tilbake til, forklarar Beate Ullmann ved PPT.

Pedagogisk psykologisk rådgivingsteneste (PPT) høyrer inn under Tiltak og tenester for barn og unge (TTBU) som står bak kursa. Undervisningsopplegget er knytt opp til ein DVD med åtte kapittel, og gruppa som onsdag hadde si siste samling, hoppa tilbake til den første filmen for å visa Kvinnheringen litt av introduksjonen. I starten ser ein den klassiske situasjonen som oppstår når eit barn akkurat har lært seg å sykla på trehjulsykkel og tar større og større sirklar vekk frå mor. Barnet må stadig kika tilbake på mora for å forsikra seg om at den trygge hamna er der, fordi ungen skjønar at trehjulsykkelen opnar for å utforska ei ny verd.

– Undervisningsprogrammet viser også at det handlar om å bli god nok som forelder – ingen er perfekte. Og det er aldri for seint. Vidare handlar det om å læra foreldre å forstå barnets behov. Ikkje for å gjera det bortskjemt, men for å skjøna at barnet viser sine behov gjennom handlingar, forklarar Ullmann.

Som mor og bestemor er ho sikker på at kurset ville vore nyttig for henne om ho var ein fersk forelder, og dei fire kursdeltakarane er samde.

– Alle er litt usikre i den situasjonen, seier kursdeltakar Veronica Steensohn.

– Eg trur dette opplegget ville vera glimrande i barseltreffgrupper – her er det snakk om å aktivera sitt eige omsorgsgen, seier Ullmann.

I dei ulike samlingane er det ulike tema – her er nokre korte døme frå ein TTBU-brosjyre om kurset: Korleis læra barn å handtera kjensler. Korleis gjera barna trygge. Korleis balansera mellom å vera tydeleg og samstundes god. Korleis reparera i relasjonane. Og på eit ark som skisserer den trygge sirkelen med trygg base og trygg hamn, står det blant anna følgjande råd: Alltid ver større, sterkare, klokare og god. Når mogeleg: Følg barnets behov. Når det er nødvendig: Ta leiinga.

Ved TTBU er det seks tilsette som har vore gjennom firedagars COS P-kurs. I tillegg til Ullmann er det Sturla Helland, Lisbeth Teigen Røssland, Gørill Samland Eik, Randi Pedersen og Siv Karin Stensletten.

Ståande tilbod

Psykologspesialist ved helsestasjonen på Husnes, Sturla Helland, opplyser at COS P-kurset er eit ståande tilbod til førstegongsforeldre med ungar i alderen seks månader til eitt år.

– Om foreldre med ungar i anna alder vil delta, vil vi vurdera dette. Satsingsområdet er den nemnde aldersgruppa, men det kan òg vera lærerikt for foreldre med ungar opp til skulealder, og for så vidt heilt til vaksen alder, seier Helland.

Ferske foreldre blir orienterte om tilbodet på helsestasjonane, men så langt har ikkje interessa vore stor.

– Vi ønskjer no å koma i gang med grupper av førstegongsforeldre for å få eit større engasjement rundt COS P-programmet. Framover vil det blir meir synleggjort gjennom helsestasjonane via helsesøstrene, seier Helland.

Interesserte kan ta kontakt via helsestasjonane eller dei seks nemnde personane som har gått på COS P-kurs.

Kommentarer til denne saken