Kvinnheringar skapar industrikonsern på Vestlandet

Bergen Group AS har inngått ein fusjonsavtale med Endúr Fabricom. Felles for begge selskapa er at det står kvinnheringar i spissen for dei to selskapa.

DEL


I ei børsmelding heiter det at avtalen vil gje 400 tilsette arbeid og selskapa vil ha ei ordrebok på ein milliard kroner.

Endúr Fabricom er eit Stavangerbasert-selskap, som tidelgare i vinter vart kjøpt opp av Handeland Industri AS, med brørne Trond og Rune Skarveland og Ove Røssland i spissen. Dei sa i samband med oppkjøpet at dette berre var den første av fleire investeringar.

Det hadde dei rett i og no har Endúr Fabricom altså ein fusjonsavtale med Bergen Group. Dette er eit selskap Skarveland-brørne er vel kjend med frå tidlegare, og som dei selde seg ut av for ein god del år sidan. No kjem dei altså attende på eigarsida.

Styreleiar i Bergen Group er Hans Petter Eikeland, også han frå Kvinnherad.

I børsmeldinga heiter det at både Bergen Group og Endúr Fabricom har vore gjennom omfattande restruktureringsprosessar for å tilpassa ein marknad i endring.

– Fusjonen mellom selskapa skal forsterka både farten og lønsemda i den vidare vekstprosessen, seier styreleiar Hans Petter Eikeland i Bergen Group, i meldinga.

I samband med fusjonen vert det planlagt ei utviding av aksjekapitalen i Bergen Group ASA. Aksjonærane i Endúr vil motta aksjar i Bergen Group som fusjonsvederlag, heiter det i meldinga. Etter transaksjonen vil Endúr Holding AS eiga 51 prosent av aksjane i Bergen Group ASA.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags