Får forskottera Kvinnheradpakken

Artikkelen er over 2 år gammel

Fylkesutvalet vedtok torsdag at Kvinnherad kommune får forskottera 10 millionar kroner til to strakstiltak i ein framtidig Kvinnheradpakke.

DEL

Dei to tiltaka er Lundssvingane og Rosendal kai/trafikknutepunkt, som kommunen begge ønskjer å realisera i løpet av 2017. Kommunen har bede fylket om oppstart av arbeidet med bompengesøknaden. I søknaden har kommunen påtatt seg byggherreansvaret for tiltaka til ein kostnad av 53 millionar kroner eksklusive mva. Kompensasjonsmidlar utgjer 13 millionar kroner, kommunalt bidrag 20 mill. Fylkeskommunen løyver 10 millionar, og i tillegg søkjer altså kommunen om å få forskottera dei siste 10 millionane inn ei ein eventuell framtidig Kvinnheradpakke. Fylket er positiv til dette.

– Kvinnherad kommune har risikoen dersom Kvinnheradpakken ikkje skulle bli realisert, og må i det tilfellet finna anna finansiering, står det å lesa i innstillinga som fylkesutvalet vedtok. Vedtaket går vidare til fylkestinget, som har møte 7. mars.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags