Skulekameratane fekk svinga seg til rockemusikk på KVV

Skulekameratane frå Myrane barnehage syntest det var stas å få komma på rockekonsert på KVV. Her ser du dei dansa til den siste låten «Walking by myself».

Skulekameratane frå Myrane barnehage syntest det var stas å få komma på rockekonsert på KVV. Her ser du dei dansa til den siste låten «Walking by myself».

Artikkelen er over 1 år gammel

KVV-elevar og lærarar heldt torsdag førre veke konsert for skulekameratane i Myrane barnehage. Ungane var imponerte, og syntest det var ekstra kjekt å få dansa til den eine rockelåten!

DEL

Grunnen til at barnehageungane fekk komma på konsert, er at elevane Marte Håvik Skorpen og Christopher Oscarsson har vore i praksis i Myrane barnehage. Derfor inviterte dei like så godt barnehagen til ei veldig kjekk stund i eitt av lokala på Kvinnherad vidaregåande skule.

– Bandet har eksistert i tre år no. Eg, Ulrikke (Vik), og Christopher har vore med frå starten. Seinare har Camilla (Ersland), Marte (Håvik Skorpen), Amund (S. Bakke) og Jørgen (H. Benjaminsson) blitt med i bandet. Vi synest det er veldig kjekt å få spela konsert, og dette er første gongen vi speler for barnehageungar, fortalde Tommy Totland Vågenes.

Desse elevane har laga band ilag. F.v. Camilla Ersland (flygelhorn), Marte Håvik Skorpen (el-gitar), Tommy T. Vågenes (trommer), Jørgen H. Benjaminsson (tamburin, tangentar) og Christopher Oscarsson (bass). Fremst sit Ulrikke Vik (tangentar). Amund S. Bakke spelte congas-tromme, men er ikkje med på bildet.

Han har i tillegg til å spela trommer ansvar for lyd og lys, og hadde fått med seg Adrian Storøy til rigginga. Lokalet var blant anna opplyst av stilige disko-lys. Etter introen til «Eye of the Tiger» spelte bandet fem låtar for ungane: «Knocking on heaven’s door», «Achy breaky heart», «Liten fuggel», «Wonderful tonight» og «Walking by myself». Lærarane Torbjørn Flodsand og Ole Bjarte Røssland var med på gitar og vokal. Ungane såg ut til å storkosa seg, og på siste låten fekk dei dansa og svinga seg.

– Kva synest de om musikken? spurde vi ungane.

– Det var kjempebra! ropte dei i kor.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags