– Fråværsgrensa rammar dei svakaste

Nestleiar i elevrådet på KVV og leiar for AUF Kvinnherad, Trym Vårdal, meiner fråværsgrensa på 10 prosent er for streng, og at den vil ramma dei svakaste elevane.

Nestleiar i elevrådet på KVV og leiar for AUF Kvinnherad, Trym Vårdal, meiner fråværsgrensa på 10 prosent er for streng, og at den vil ramma dei svakaste elevane.

Artikkelen er over 2 år gammel

Den nye fråværsgrensa på 10 prosent blir ikkje godt motteke på Kvinnherad vidaregåande skule. – Kan gå utover dei svakaste, seier rektor og elevrådsleiar.

DEL

Denne hausten trer Regjeringa sitt vedtak om å innføra fråværsgrense på vidaregåande skular i kraft. Elevar som har meir enn 10 prosent udokumentert fråvær i eit fag, vil som hovudregel ikkje få karakter i faget. Men rektor vil kunna bruka skjønn slik at elevar i spesielle tilfelle kan ha inntil 15 prosent fråvær og likevel få karakter. Innføringa av fråværsgrensa vil i første omgang gjelda i ein periode på tre år, og det vil bli sett i verk eit forskingsprosjekt som skal sjå på konsekvensane av regelendringane. Etter desse tre åra vil ein vurdera om ein skal vidareføra ordninga.

Mange grunnar til fråvær

Trym Vårdal (17) er nestleiar i elevrådet på KVV og leiar for AUF. Han meiner den nye fråværsgrensa vil ramma dei svakaste elevane.

– Vi i AUF er kritiske til fråværsgrensa slik den er blitt no, fordi den vil ramma dei svakaste elevane. Det kan vera mange grunnar til fråvær som ikkje er lett å dokumentera, til dømes for elevar med psykiske problem eller som blir utsett for mobbing. 10 prosent fråvær er lite, og det skal ikkje mykje til for å komma over grensa. I nokre fag er 10 prosent fråvær berre sju og ein halv time, og er du vekke ein fagdag på åtte timar er du plutseleg over grensa, forklarar Vårdal.

Han seier fråværsgrensa også vil gjera det problematisk å ta billappen, fordi køyretimar ikkje er godkjent fråvær. Viss alle elevane skal måtta ta køyretimar på ettermiddag og kveld vil køyreskulane få lange ventelister.

– Vi i AUF ser problemet med høgt fråvær, men meiner grensa burde vore mildare, til dømes 15 eller 20 prosent.

Vårdal håpar fråværsgrensa på 10 prosent vil bli avvikla etter prøveperioden på tre år. I mellomtida meiner han skulen no må vera ekstra flink til å tilretteleggja for elevane:

– Dei må leggja opp timeplanar som fungerer for oss, og ta elevar med utfordringar seriøst.

Gjeld ein fjerdedel

Rektor Audun Bjelland er også bekymra for effekten den låge fråværsgrensa kan ha. Ein fjerdedel av elevane ved KVV slit med for høgt fråvær.

Rektor Audun Bjelland er også bekymra for effekten den låge fråværsgrensa kan ha. Ein fjerdedel av elevane ved KVV slit med for høgt fråvær.

Rektor Audun Bjelland fryktar også at den nye fråværsgrensa vil ramma dei svakaste elevane på skulen:

– Eg kan forstå behovet for tydelegare reglar når det kjem til fråvær, men eg er redd det vil ramma dei elevane som har det tøft nok med å gjennomføra vidaregåande frå før.  Rundt ein fjerdedel av elevane våre på KVV har utfordringar i forhold til fråvær. Fråværsgrensa vil kunne råka desse elevane hardt i totimars fag som kroppsøving og naturfag. Viss ein elev ikkje får vurdering/karakter i to fag på vg1 eller vg2 får ikkje han eller ho gå vidare til neste trinn, vg2 eller vg3.

Han meiner likevel at skulen har gode rutinar på å følgja opp elevar som har utfordringar.

– Ved KVV er vi flinkare enn gjennomsnittsskulane til å ta vare på og løfta dei svakaste elevane. Vi har styrka ressursane våre i forhold til dette, seier rektor Audun Bjelland.

Han viser til skulen sitt eige «ressursteam». Det består av fem personar med ulike oppgåver i forhold til oppfølging av elevane, som i tillegg samarbeider med til dømes OT (Oppfølgingstenesta), Utekontakten, helsetenesta med skulepsykolog, Ungdomslosen og Nav.

Alle skal bli sett

KVV har fleire tiltak og ressurspersonar som skal sørgja for at elevane ved skulen blir følgd opp. Her er nokre av personane i ressursteamet, f.v. Ole Bjarte Røssland, Anne Britt Bjelland, Jannice Rasmussen og Karen Bogsnes.

KVV har fleire tiltak og ressurspersonar som skal sørgja for at elevane ved skulen blir følgd opp. Her er nokre av personane i ressursteamet, f.v. Ole Bjarte Røssland, Anne Britt Bjelland, Jannice Rasmussen og Karen Bogsnes.

Ole Bjarte Røssland er leiar i Opplæringssenteret, og skal syta for at flest mogleg av elevane gjennomfører vidaregåande og jobba imot fråfall.

– Å ha eit slikt ressursteam er veldig viktig, på den måten får eg vita om elevar som kan vera i faresona, og setja inn tiltak som til dømes ein kombinasjon av vanleg skuleundervisning og praktisk lærekandidatordning. Ved skulen har vi elevmeldeskjema, og i tillegg har vi ein tre dagars regel som seier at viss eleven er vekke tre dagar så skal vi kontakta vedkommande eller foreldra. Men her er vi så pliktoppfyllande at vi set på den raude knappen lenge før dei tre dagane er gått, fortel Røssland.

Anne Britt Bjelland er elevinspektør og elevane sitt talerøyr.

– Elevane kjem til meg med små og store ting. Alle skal bli høyrt og sett. No er ho i gang med vidareutdanning innanfor rus, og skal rettleia både ressursteamet og leiinga ved skulen om den problematikken.

– I tillegg jobbar eg tett med elevrådet og russen. No skal vi også i gang med ei fadderordning ved skulen, der elevar skal vera fadrar for andre elevar, fortel Bjelland.

Høg trivsel

Jannice Rasmussen er spesialpedagogisk koordinator for ressursteamet, og har anvsar for å kopla dei rette personane saman og involvera samarbeidspartnarar. Ho jobbar tett med rådgjevarane på skulen, Karen Bogsnes og Wenche Holmedal.

– Tidleg innsats og identifisering av utfordringane er viktig. Allereie no førebur vi møte for å kartleggja elevane som blir førsteklassingar hos oss til neste år, slik at vi skal vita om eventuelle utfordringar før dei kjem, fortel Rasmussen.

Rådgjevarane Bogsnes og Holmedal har ansvar for yrkes- og karriererettleiing og sosialpedagogisk rettleiing av elevane.

– Vi følgjer opp elevane, har samtalar med dei og informerer. Alt på ungdomsskulen, både når elevane der går i 9. og 10. trinn, besøkjer dei KVV for å bli kjent med skulen og programområda. Det er eit viktig tiltak vi har hatt i mange år, som gjer at overgangen mellom ungdomsskule og vidaregåande ikkje blir så skummel, fortel Bogsnes.

Ressursteamet på KVV er klare over utfordringane den låge fråværsgrensa kan føra til, og vil jobba endå hardare for å tilretteleggja og følgja opp elevane på skulen.

– Ei bekymring er at dei svakare har blitt svakare og treng meir oppfølging. Skiljet er større enn tidlegare, seier Rasmussen.

– Eg trur alle som jobbar på KVV har ei viktig rolle der. Vi er genuint opptekne av at elevane skal ha det bra, vi er glade i dei, seier Bjelland.

KVV scorar høgare enn gjennomsnittet på trivsel på skulen, noko ressursteamet løftar fram.

– Elles har vi nesten ikkje hærverk på skulen vår. Det er eit godt teikn, legg Røssland til.

Den nye fråværsgrensa:

Fram til 2009 opererte fleire skular med ei lokal fråværsgrense på 10, 15 eller 20 prosent, men den lokale fråværsgrensa blei oppheva av dåverande kunnskapsminister Kristin Halvorsen (SV). Ved KVV opererte ein med ei fråværsgrense på mellom 15 og 20 prosent.

Rekordhøgt fråvær på norske vidaregåande skular skapte ny debatt, og på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet gjennomførte Utdanningsdirektoratet i fjor ein høyringsrunde der 70 prosent av dei spurde sa at dei ønskte ei fråværsgrense.

I år vedtok Regjeringa ei fråværsgrense på 10 prosent som skulle gjelda frå skuleåret 2016/2017.

Gyldige grunnar for å vera vekke frå skulen er:

Helse- og velferdsgrunnar, arbeid som tillitsvalt, politisk arbeid, hjelpearbeid, lovpålagt oppmøte, representasjon i arrangement på nasjonalt eller internasjonalt nivå, t.d. idrett, religiøse høgtider for elevar som er medlem av andre trussamfunn enn Den norske kyrkja.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags