Har fått meir pengar til gratis frukost

Elevane på KVV var nøgde då ordninga med gratis skulefrukost to dagar i veka kom i stand i august. F.v.: Erik Voster Solberg, Tristan Fredlund, Isaac Jørgensen og Snorre Søllesvik. (Arkivfoto).

Elevane på KVV var nøgde då ordninga med gratis skulefrukost to dagar i veka kom i stand i august. F.v.: Erik Voster Solberg, Tristan Fredlund, Isaac Jørgensen og Snorre Søllesvik. (Arkivfoto).

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Kvinnherad vidaregåande skule begynte i haust med gratis frukost for elevane på skulen. Etter den første månaden i haust kunne leiinga konstatera at tilbodet var svært populært, og utvida derfor frå frukost to dagar i veka, til kvar dag. Fire dagar får elevane havregrynsgraut, og éin av dagane får dei risengrynsgraut. I tillegg kan elevane velja havregryn og müsli med mjølk eller yoghurt, og diverse topping som nøtter og bær. Det finst også gluten- og laktosefrie alternativ. Nyleg kom gladmeldinga om at skulen har fått støtte også for neste skuleår, som omsøkt:

– Hordaland fylkeskommune har tildelt skulen vår midlar til skulefrukost. Vi har fått kr 250.000 for budsjettåret 2018. Då kan vi halda fram med gratis skulefrukost for elevane våre, skriv KVV på Facebook.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags