«Krasjkurs» for å læra om trafikksikring

Førsteklassingane ved KVV fekk testa mange ulike postar under trafikksikringsdagen på skulen. Her med Wivian Markhus frå NAF.

Førsteklassingane ved KVV fekk testa mange ulike postar under trafikksikringsdagen på skulen. Her med Wivian Markhus frå NAF.

Onsdag var det alle førsteklassingane ved KVV gjennom ulike øvingar for å læra om trafikksikring.

DEL

Tradisjonen tru stod trafikksikringsdag på timeplanen for alle førsteklassingar ved KVV onsdag.

– Det har tradisjonelt vore ein del ulukker med moped og bil i Kvinnherad, så dette er eit tiltak for å gjera ungdommane meir bevisste på situasjonen og førebyggja trafikkulukker, seier Dag Sigurd Gregersen ved KVV.

Fleire etatar var involverte på trafikksikringsdagen, og forskjellige postar var plasserte rundt omkring på uteområdet ved skulen. Elevane kunne blant anna testa korleis det er å velta rundt i ein bil, kva krefter som er involvert i ein bråstopp og prøva ut effekten av promille ved å bruka promillebriller. Trass i at det regna kraftig, var det god stemning og elevane testa velvillig ut dei ulike postane.

Velte-Jakob

Ein post som trekte mykje merksemd var bilen «Velte-Jakob», som snurra elevane 360 grader rundt medan dei sat fastspente. Dette for å gi eit innblikk i korleis det er å vera med i ein bilvelt.

«Velte-Petter» er for tida ute av drift, men då kom «Velte-Jakob» til unnsetning og redda dagen. Elevane fekk då eit innblikk i beltebruk medan dei var med på ei lita runde rundt med bilen

«Velte-Petter» er for tida ute av drift, men då kom «Velte-Jakob» til unnsetning og redda dagen. Elevane fekk då eit innblikk i beltebruk medan dei var med på ei lita runde rundt med bilen

– Det var ekkelt å sitja opp ned, sa Thea Huse etter at ho kom seg ut av bilen.

– Og litt morosamt, la May Beate Brakstad til.

Dei to jentene lo godt medan dei snurra rundt eit par gonger, og dei skulle klatra ut av bilen medan den var vendt opp ned.

– Tenkte de på at det ikkje var lett å løysa ut tryggleiksbeltet då de hang opp ned? spurde Wivian Markhus frå NAF.

– Ein kan ikkje løysa seg ut utan å avlasta trykket på tryggleiksbeltet, så ein må trykka seg ned i setet før ein kan klara det, heldt ho fram.

Bråstopp

Ei klynge med elevar stod rundt Statens vegvesen si bråstopp-maskin. Sverre Våge utfordra elevane til å testa den, og fire elevar klatra opp i seta og festa seg. Seta blei heist opp, for så å bli sloppe ned. Det kjem eit godt rykk i det «kollisjonen» skjer.

David Jørgensen (framme t.v.), Mads Jørgensen, Vegard Tungesvik (bak t.v.) og Even Bakka testa ut bråstopp-maskina. Det kom eit godt rykk i det «kollisjonen» inntrefte.

David Jørgensen (framme t.v.), Mads Jørgensen, Vegard Tungesvik (bak t.v.) og Even Bakka testa ut bråstopp-maskina. Det kom eit godt rykk i det «kollisjonen» inntrefte.

– Dette svarer til ein samanstøyt i sju-åtte kilometer i timen. Ville de ha sete på her utan å bruka belte? spurde Våge etter testen.

Det var ingen som svarte ja.

Promillebriller

Kjetil Markhus frå Statens vegvesen tok godt imot elevane og presenterte to sett med promillebriller; eitt tilsvarande ein promille på 0,6 og eit anna med 2,5. Elevane skulle så ta seg gjennom ei lita hinderløype og gå sikk sakk mellom fem kjegler – med brilla på! Ein såg med ein gong kven som hadde fått brilla med høgast promille. Det var sjangling og krasj med kjeglene frå start til slutt. Skulekameratane stod på sidelinja og lo godt, og alle fekk prøva kor vanskeleg det var å komma seg fram med så høg promille.

BRILLER: Med ein promille på 2,5 var det ikkje så lett å navigera seg fram mellom kjeglene som var sett opp i ei hinderløype.

BRILLER: Med ein promille på 2,5 var det ikkje så lett å navigera seg fram mellom kjeglene som var sett opp i ei hinderløype.

– Kunne du tenkt deg å køyra moped med dei brillene der? spurde Markhus.

Elevane hadde lært mykje, og når dei kjem til tredje klasse, vil det vera nye trafikksikringskurs for å friska opp hukommelsen og minna på om farene ein kan komma ut for i trafikkulukker.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags