KVV får kjemiprosess-klasse: – Veldig glad for dette

Fylkesutvalet vedtok samrøystes torsdag at Kvinnherad vidaregåande får Vg2-klasse for kjemiprosess, slik Fylkesrådmannen si innstilling var.

DEL



– Eg er veldig glad for dette. At Hydro no satsar, vil gi trong for arbeidskraft. Ein slik klasse vil gi kompetanseheving og forhåpentlegvis gjera rekrutteringa enklare, både for aluminiums- og oljenæringa. Eg håpar òg det kan føra til at fleire jenter søker seg til industrien, seier medlem i fylkesutvalet, Synnøve Solbakken (Ap).

Ein kjemiprosess-klasse kjem etter initiativ frå Hydro Husnes og Kvinnherad kommune.

– Målet vårt er å komma i gang hausten 2019, seier Solbakken til Kvinnheringen torsdag, og legg til:

– Eg håpar næringslivet legg til rette for lærlingplassar for å ivareta behovet som vil komma. Det er svært viktig. Så håpar eg sjølvsagt at utdanninga er interessant for ungdommen vår.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags