Vil gjera det enklare med drop-in-dåp

(Illustrasjonsfoto).

(Illustrasjonsfoto).

Av

Kyrkja vil senke terskelen for dåp.

DEL


Talet på folk som vel å døype barna sine går ned. No prøver Den norske kyrkja å senke terskelen med drop-in-dåp og sosiale medium.

Kyrkja har no starta med drop-in dåp fleire stader for å gjere seremonien og valet om dåp enklare. Da tek foreldra ein kort prat med presten før ein enkel seremoni. Kyrkja brukar òg sosiale medium til å framsnakke dåpen. Dette er tiltak som blir gjort fordi tala på døypte går ned, skriv NRK.

Om lag 8.000 færre vart døypte i 2018 enn i 2013, og nedgangen held fram. Nedgangen er størst i byane. Kyrkja prøver å gjere terskelen lågare for å velje kyrkjedåp.

– Vi er vane med at folk kom av seg sjølve til dåp, slik har det jo vore tidlegare. Slik er det ikkje no lenger, og det er ein situasjon vi må ta som ei utfordring, seier biskop i Bjørgvin, Halvor Nordhaug til NRK.

Han fortel at det ofte er når livet blir krevjande at folk søker mot Gud, og at kyrkja vil prøve å nå folk også på dei gode dagane. Han trur press om å halde flotte dåpsselskap er ein av grunnane til at folk vel bort å døype barna. Difor kan drop-in-dåp gjere det lettare å ta valet.

(NPK)

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags