Gå til sidens hovedinnhold

Tilsett som sokneprest i Kvinnherad

Artikkelen er over 3 år gammel

Bjørgvin bispedømeråd har tilsett Kjersti Brakestad Boge som ny sokneprest i Kvinnherad. Ho blir sokneprest i sokna Kvinnherad, Åkra, Ænes, Ølve, Hatlestrand og Varadsøy, heiter det i ei pressemelding tysdag.

Brakestad Boge blir innsett i tenesta i Kvinnherad kyrkje sundag 21. oktober klokka 11.00. Denne sundagen blir det feira Hausttakkefest som Kjersti leiar, står det vidare.

Kjersti har mellom anna vore prest i Sogn i ti år og på Voss i ti år. Ho er medlem både av Bjørgvin bispedømeråd og av Kyrkjerådet og Kyrkjemøtet. Ho har saman med familien flytta inn i prestegarden i Rosendal.

Kommentarer til denne saken