Steinar Haugan startar kronerulling for nytt piano

NYTT OG BETRE: Steinar Haugan startar kronerulling for eit nytt og betre piano i kyrkja på Valen. – Eit så godt bygg fortener eit godt instrument, meiner han.

NYTT OG BETRE: Steinar Haugan startar kronerulling for eit nytt og betre piano i kyrkja på Valen. – Eit så godt bygg fortener eit godt instrument, meiner han.

Pianoet i kyrkja på Valen er gammalt og har lite klang. No håpar Steinar Haugan at folk vil gje ei pengegåve slik at det kan komma eit nytt på plass.

DEL


– Eli og eg hadde ein tanke om å ta initiativ til å skaffa eit nytt piano. Ho var pianolærar og ein pådrivar i musikklivet. Men så blei ho sjuk og det vart andre ting å tenka på, fortel Steinar Haugan.

Då Steinar var i kyrkja for ikkje lenge sidan, tok han kontakt med kyrkjelydssekretær Jan-Ove Fagerheim for å høyra om dette var noko dei ville bli med på, og det var det.

– Eg synest det er eit flott initiativ. Det blir noko heilt anna når det er private som samlar inn på denne måten, enn viss kyrkja sjølv gjer det, seier Fagerheim.


Vil laga konsert

Steinar spøker med at pianoet som står i kyrkja i dag er like gammalt som han sjølv, men legg til med ein meir seriøs tone at pianostemmaren i kommunen, David Wheeler, har bekrefta at det ikkje er eit godt nok konsertinstrument.

– Pianoet er utan klang, men sjølve kyrkjerommet har flott gjenklang som er veldig godt eigna til akustisk musikk, seier Haugan.

Han fortel at det er konsertar fleire gonger i året, og gjestemusikarar liker seg i denne kyrkja. Steinar har også planar om å feira det nye pianoet når det kjem på plass.

– Vi håpar jo på at vi skal få samla inn summen i løpet av hausten, og at vi skal få til ein konsert i anten januar eller februar.

Men dette betyr ikkje at pianoet som står i kyrkja i dag ikkje lenger skal brukast. Det vil få leva vidare i ungdomsklubben i Sjøsalen.


Fått inn 28.000

Steinar og Eli gav sjølv ein sum som oppstart, og no har Steinar delt ønsket om nytt piano med venner på Facebook. Til saman har dei klart å samla inn 28.000 kroner til no, men det er ikkje nok til eit kvalitetspiano.

– Vi treng rundt 80.000 til 100.000 til. Det er ikkje plass til eit flygel her, men vi ønskjer eit topp piano!

Det er Steinar sjølv, kyrkjekontoret og Kammerskoret som samarbeider om å samla inn pengar, og oppmodar folk om å ta kontakt med anten Steinar eller Jan-Ove Fagerheim om nokon ønskjer å gi ein slant.

– Eg synest eit så godt bygg fortener eit godt instrument! sluttar Steinar.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags