Lina Håland har fått tilbod om å bli sokneprest i Sandnes

Sokneprest i Uskedal sokn, Lina Håland, har fått tilbodet om soknepreststillinga i Sandnes menighet. (Arkivfoto: Mona Grønningen / Kvinnheringen).

Sokneprest i Uskedal sokn, Lina Håland, har fått tilbodet om soknepreststillinga i Sandnes menighet. (Arkivfoto: Mona Grønningen / Kvinnheringen).

Av

Lina Håland, sokneprest i Uskedalen, har søkt og fått tilbod om soknepreststillinga i Sandnes menighet.

DEL

Det var Stavanger Aftenblad som meldte dette torsdag. Håland skal innan ei veke svara på om ho takkar ja til stillinga. Det var tilsaman fem søkjarar, tre menn og to kvinner.

Lina Håland vart tilsett som sokneprest i Uskedal sokn i april 2014, 29 år gamal. Ho vart ordinert til prest i Husnes kyrkje 24. august og tok straks til i stillinga som den andre soknepresten i Uskedal sokn, etter at Ole Kristian With Due flytta. Lina Håland var den fyrste kvinnelege soknepresten i Kvinnherad.

Lina Håland stadfestar overfor Uskedalen.no at ho har motteke dette tilbodet. Det er stort for henne å bli synt tillit til denne stillinga i Sandnes kyrkje, den 5. største byen i landet. Ho vil truleg takka ja og er klar for oppstart i desember. Her vil ho saman med prosten i Sandnes ha ansvaret for alle kyrkjelege handlingar i kyrkjelyden. Til kyrkja høyrer også kateket, trusopplærar og organist.

Lina Håland er oppvaksen på ein gard i Julebygda i Sandnes. Ho har tre eldre sysken. Lina starta si teologiske utdanning på Misjonshøgskulen i Stavanger. Ho har vore student i USA og gått på bibelskule i Danmark. Ho har vore sterkt tilknytt barnearbeid i Umbred i India der mor hennar driv ein barneheim.

Mange kjenner Lina Håland frå korarbeid og solosong. Koret hennar, Abraham, har vore i Kvinnherad og Uskedalen fleire gonger. Lina Håland har vore ein godt likt prest i Uskedalen. Når ho no sluttar og flyttar til Sandnes, er det nok mange som vil sakna henne.

I opningsintervjuet i Kyrkjelydsbladet april 2014 vart ho spurt kva ho brann for. Ho svara:

– At folk skal få møta Jesus på ein god måte, slik eg sjølv har møtt han. Og at kyrkja må vera ein god plass å koma.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags