Bankbygget på Sæbøvik kan bli misjonslokale

Bygningen ligg fint til sentralt på Sæbøvik. (Arkivfoto).

Bygningen ligg fint til sentralt på Sæbøvik. (Arkivfoto). Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Halsnøy indremisjon er i ein prosess for å overta det tidlegare bankbygget i Sæbøvik.

Halsnøy indremisjon har seld Sætre bedehus og har i dag bedehuset Zoar på Tofte som hovudbase for aktiviteten sin. Zoar er eit gamalt bygg der første byggjesteg er frå 1887. No ønskjer Halsnøy indremisjon nyare og meir tenlege lokale, og øvst på ønskjelista står det tidlegare bankbygget.

– Eg ønskjer ikkje å seia så mykje om dette på noverande tidspunkt. Men det eg kan seia, er at vi er inne i ein prosess for å få hand om bygget. Bankbygget ligg svært sentralt og hadde vore ein perfekt stad for aktivitetane våre, seier Ernst Olav Eide.

Skal bankbygget kunna nyttast som forsamlingslokale, må indremisjonen få ei bruksendring frå «forretning» til «offentleg og privat tenesteyting». I tillegg må det på plass ein dispensasjon for tiltak etter plan- og bygningslova for bygging i 100-metersbeltet.

Søknad om dette ligg no hos kommunen. Bankbygget som i dag er eigd av Geir Eide, inneheld kontorlokale i første høgda og husvære i andre.

Dersom Halsnøy indremisjon får løyve til bruksendring og kjøper huset, ønskjer dei framleis å leiga ut delar av første høgda til forretning/butikk/kontor. Dei ønskjer òg å leiga ut husværa i andre høgda.

Etter at banken vart lagt ned har kontorlokala stått tomt i fleire år.

Det er sendt ut nabovarslar om den nye planlagde aktiviteten i bygget, ingen av naboane har merknadar.

– Før eit endeleg kjøp er i boks, må ei ekstraordinær generalforsamling i Halsnøy indremisjon godkjenna kjøpet, seier Eide.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags