Leiteaksjon etter tysk turist

Illustrasjonsbilde frå arkivet.

Illustrasjonsbilde frå arkivet.

Artikkelen er over 3 år gammel

Natt til tysdag blei det sett i gang ein storstilt leitekasjon i Ølve, etter ein tysk turist som hadde gått seg vill.

DEL

Med berre fire prosent mobilbatteri igjen, ringte den fortvila tyskaren til 112 i 23-tida måndag kveld. Då hadde han allereie vore på ville vegar i timesvis, og han ana ikkje kor han var og det begynte å bli mørkt. Ifølgje Google Maps på smarttelefonen hans var han ved Tuftemarka i Ølve, skriv BA. Han var ganske stressa då han ringte politiet, fordi mobilen hans berre hadde fire prosent batteri igjen. Det blei sett i verk leiteaksjon, og ut frå opplysningane frå tyskaren køyrte ein politipatrulje frå Fusa til området. Det blei også sendt hundeekvipasje. Då politiet ikkje fann mannen blei Luftambulansen kontakta. Politiet klarte å få tak i tyskaren på nytt, som sa han hadde lommelykt med seg. I motsetnad til mobilen hadde den rikeleg med batteri, og han fekk beskjed om å veifta med den i mørket. Helikopteret søkte i området, men gjorde ingen observasjon av mannen. Då politiet fekk kontakt med mannen igjen hadde han ikkje sett verken blålys eller høyrt helikopteret, og politiet forstod at opplysningane om kor kan befant seg måtte vera feil. På dette tidspunktet hadde mannen berre éin prosent igjen med batteri på telefonen. Leitemannskapet hadde ikkje noko aning om kor han kunne vera, og måtte utvida leiteområdet. Mannen kjente ikkje terrenget og hadde ikkje vore i området før. Han kom til Fusa på søndagen. Klokka 01.40 fann luftambulansen mannen, han var seks kilometer nord frå staden han hadde opplyst frå Google-kartet sitt. Luftambulansen klarte å landa og henta den fortvila turisten. Politiet uttalte til BA at mannen truleg fekk seg ein lærepenge, om at han i framtida ikkje berre kan stola på mobilen, men må ha med kart og kompass og melda frå til andre kor han går.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags