Politiet går ut med namn og bilde

Det er 28 år gamle David Tveit som er sakna på Varaldsøy i Kvinnherad kommune, melder politiet i ei pressemelding.

DEL


Siste sikre observasjon er tidleg onsdag morgon 23. januar, skriv politiet.

Det har vore søkt etter den sakna på Varaldsøy sidan torsdag kveld, utan resultat.

Fredag morgon utvida politiet søket, og ulike etatar og grupper kom utover dagen med ferja til Varaldsøy for å fortsetta leiteaksjonen.

I samråd med familie, går politiet ut med namn og bilde og ber om at opplysningar om den sakna blir delt med det lokale lensmannskontoret.

– Den sakna er 190 cm. høg, kraftig, blond med halvlangt slett hår. Går truleg med ein grønn parkasjakke, skriv politiet i pressemeldinga.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags