Send oss glimt frå ekstremvêret «Elsa»

Dette lesarbildet er tatt av John Asle E Hansen i desember 2017. Frå båthamna på Husnes.

Dette lesarbildet er tatt av John Asle E Hansen i desember 2017. Frå båthamna på Husnes. Foto:

Gjer klart kamera, no kjem «Elsa» på besøk.

DEL

Natt til tysdag er det venta ekstremt høg vasstand.

Varselet gjeld for Vestlandet sør for Stad natt til tysdag, og det er estimert 80–100 centimeter høgare vasstand enn oppgjeve i tidevasstabellen.

Vasstanden vil vera høgst måndag kveld mellom 23.00 og 03.00, og meteorologane spår at vasstanden blir høgare enn under ekstremvêret Didrik i januar.

Men dårleg vêr kan gi gode motiv. Korleis merkar du den høge vasstanden? Vi vil veldig gjerne sjå lesarane sine bilde og videoar.

TIPS OSS:

– På e-post: redaksjon@kvinnheringen.no.

– Eller via Facebook-sida til Kvinnheringen.

Ta aldri unødige sjansar for å fanga eit godt bilde, og tenk samstundes på sikkerheita til dei rundt deg.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags