Ny Kvinnheringen-app

Av
DEL

I App Store eller Google Play, eller der du lastar ned applikasjonar til mobiltelefonen din, kan du no lasta ned Kvinnheringen sin nye app.

Den nye applikasjonen er ikkje ei erstatning for den gamle, men meir brukarvennleg for deg som føretrekk å lesa siste nytt på mobilen.

Vi har altså to ulike appar, nyhendeappen (òg kjent som pushappen) og eAvisappen. Nyhendeappen er nettavis i app med moglegheit for utsending av pushvarslar. eAvisappen er digitalisert papirutgåve med meir, og den du mest sannsynleg har hatt på mobilen eller lesarbrettet ditt ei stund som Kvinnheringen-abonnement.

  • Hugs å huk av for «Tillat varslinger» under innstillingar på mobilen din! På den måten vil du få varsling med ein gong det skjer noko innanfor Kvinnheringen sitt dekningsområde.

LES OGSÅ: Reglar for kommentering på Kvinnheringen.no

Nedst til høgre finn du snarveg til den gamle applikasjonen der du kan fortsetta å lesa PDF-utgåva av Kvinnheringen.

I midten ligg det snarveg til Amedia sin store sportsportal, Norgessporten, der ein finn oversikt og enkelt kan klikka seg fram til all direktesendt sport.

LES OGSÅ: Slik følgjer du Kvinnheringen i sosiale medium

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags