LO-patrulje fann lovbrot

Kjell Tore Sagen og Dorthe Iselin Austevoll (t.h.) frå LO var onsdag på sommarpatrulje i Rosendal. Her snakkar dei med Hallvard Døssland (17) som har sommarjobb på Baroniet.

Kjell Tore Sagen og Dorthe Iselin Austevoll (t.h.) frå LO var onsdag på sommarpatrulje i Rosendal. Her snakkar dei med Hallvard Døssland (17) som har sommarjobb på Baroniet. Foto:

Artikkelen er over 7 år gammel

LO fann lovbrot hos fire bedrifter i Kvinnherad då organisasjonen var på sommarpatrulje i Kvinnherad.

DEL

Onsdag førre veke var LO Hordaland sitt Ungdomsutval på sommarpatrulje i Kvinnherad. Dei sjekka opp i arbeidssituasjonen til ungdomar.

– Vi er ikkje ute etter å «ta» nokon, men vi skal kartleggja arbeidsplassar og informera ungdomen i arbeid om rettane dei har. Nokre bedrifter får vi tips om å sjekka ut, andre vel vi ut sjølv, og nokre følgjer vi opp frå tidlegare år vi har besøkt Kvinnherad. Finn vi lovbrot kan nokre av dei ordnast opp i på staden, andre ting må vi melda til dei rette instansane. Men vi har teieplikt, og dersom arbeidstakarane ber oss om å ikkje gå vidare med informasjonen, så gjer vi heller ikkje det, fortel Kjell Tore Sagen og Dorthe Iselin Austevoll i LO sitt Ungdomsutval.

Totalt fann LO fire bedrifter i Kvinnherad som braut lova med ungdomar dei hadde i arbeid. Kvinnheringen får ikkje vita kva bedrifter det gjeld, men det var tre brot på reglar om arbeidstid og eitt brot for mangelfull kontrakt. Av bedriftene LO besøkte fann dei ingen lovbrot som galdt lønsslippar, opplæring, overtid eller svart arbeid.

Kvinnheringen fekk vera med dei til Rosendal. Til saman ti personar frå LO var på patrulje i Kvinnherad denne dagen, og dei fordelte seg på arbeidsplassar på Husnes, Valen, Sunde, Dimmelsvik og Rosendal.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags