Gå til sidens hovedinnhold

Omvikdalen Bygdekvinnelag kåra til årets lokallag

Artikkelen er over 3 år gammel

Det melder Bygdekvinnelaget.no laurdag.

– Det er ei anerkjenning av styret mitt og det arbeidet dei har gjort. Dette har damene mine fortent, seier Grethe Brundtland, leiar i årets lokallag, til nettstaden.

Omvikdalen Bygdekvinnelag har medlemmar frå 26 til 81 år. Det har vore god tilvekst av nye medlemmar og i løpet av dei siste tre åra er medlemstalet tredobla til 120 medlemmar, skriv Bygdekvinnelaget.no.

– Vi trur det er breidda i aktivitetar som har ført til at mange ulike aldersgrupper vil vera medlem i laget vårt, fortel Brundtland.

Kommentarer til denne saken