Målblomen til advokatane

kristian Bringedal overrekkjer Målblomen 2008 til Handeland & Døssland & Co, representert ved Synnøve Handeland og Bjarte Døssland.

kristian Bringedal overrekkjer Målblomen 2008 til Handeland & Døssland & Co, representert ved Synnøve Handeland og Bjarte Døssland.

Av
Artikkelen er over 9 år gammel
DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

Kvinnherad Mållag tildelte Målblomen til advokatfirmaet Handeland & Døssland & Co og ein ekstrapris til Husnes Storsenter måndag kveld.

– Språket er det viktigaste verktøyet i jobben vår, sa advokat Bjarte Døssland, som takka for prisen på vegner av advokatfirmaet.

– Vi argumenterer med ord, og vi er opptekne av å gjera det med gode, nynorske ord, sa advokaten, og lova å halda fram med medviten bruk av nynorsk.

Kvinnherad Mållag deler kvart år ut Målblomen til verksemder som medvite, og over tid, har brukt nynorsk i marknadsføringa og andre former for kommunikasjon.

Ekstrapris til storsenteret

Kvinnherad Mållag ville gjerne heidra Husnes Strorsenter for å ha gjort heilomvending i saka om målføre i marknadsføringa.

– Det sette vi stor pris, sa Kristian Bringedal på vegner av mållaget. Sjølve prisen var Samlaget si store synonymordbok, med oversetjingar frå bokmål til nynorsk.

– Dette var hyggeleg, sa Geir Jakobsen på vegner av Husnes Storsenter, eg er oppvaksen med bokmål i skulen, men òg med det nynorske Norsk Barneblad. Dessutan har eg to døtrer som vi har vald nynorsk for på skulen heime i Vedavåg.

Jakobsen lova å gjera sitt aller beste for å ta i bruk god nynorsk.

– Eg innrømmer at eg er meir komfortabel med nynorsk enn bokmål, sa Jakobsen, og hausta applaus.

Artikkeltags