Markerte 8. mai i Radioholo

KLASSETUR: Elevane ved Hauge skule på veg til Radioholo.

KLASSETUR: Elevane ved Hauge skule på veg til Radioholo. Foto:

Av
Artikkelen er over 10 år gammel

I går markerte 1. til 5. klasse ved Hauge skule i Høylandsbygd frigjeringsdagen med ein tur til Radioholo.

DEL

Radioholo vart brukt til ulovleg lytting på radio under den siste verdskrigen. Sidan har holo blitt eit lokalt minnesmerke over krigsåra, med skulpturar og informasjon om kva som gjekk føre seg der.

Alt dette fekk elevane frå 1. til 5. klasse ved Hauge skule informasjon om av lærarane, før dei la ut på tur til minnesmerket i går. Ikkje berre for å markera dagen, men òg som del av kunst- og formingsundervisninga.

– Vi har med teikneblokker og skal laga skisser, både av naturen og historia til Radioholo, sa kontaktlærar for 1. og 2. klasse, Ingebjørg I. Magnussen.

Same oppgåvene hadde 3. til 5. klasse, som hadde fått lov å vera haleheng.

– Det handlar om å gripa dagen når vêret er der, forklarte lærar Ada I. Normann. – Slike turar skapar samhald mellom elevane, og det er viktig.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags