Matministeren fekk Sundepølse

Landbruks- og matminister Trygve Slagsvold Vedum sette stor pris på å bli servert Sundepølse under besøket i Kvinnherad.

Landbruks- og matminister Trygve Slagsvold Vedum sette stor pris på å bli servert Sundepølse under besøket i Kvinnherad.

Artikkelen er over 6 år gammel

Torsdag gjesta landbruks- og matministeren Kvinnherad. Sjølvsagt vart han servert kortreist mat.

DEL

– Dette er ei stor æra, sa vertinna i RauaLøo i Rosendal, Marian Thunold, då hø ønskte Landbruks og matminister Trygve Slagsvold Vedum og følgjet hans til bords.

Godt assistert av Omvikdalen bygdekvinnelag kunne ho by på Sundepølse, henta berre nokre pølselengder frå kjøkenet, kålrabistappe og bacon. Det heile vart toppa med heimelagde mjølkekake og kirsebærsyltetøy.
– Dette var utruleg godt, veldig smakfullt. Det er første gongen eg smakar Sundepølse, sa matministeren til Kvinnheringen etter måltidet i RauaLøo.

Dette var eit måltid i ein atmosfære som er midt i landbruks- og matministeren sitt hjarte. Han har som mål å auka den norske matproduksjonen med ein prosent kvart år, og han vil at folk skal ha norsk mat på bordet. Det fekk han i Rosendal, veldig kortreist mat.

Strid
Første stopp i Kvinnherad for Trygve Slagsvold Vedum som var i følgje med mellom andre første- og andre kandidaten på Hordalandslista til SP, Kjersti Toppe og Sigrid Brattabø Handegard, var Hattebergsdalen. Her vart han orientert om den litt uforståelege prosessen som hadde skjedd i samband med Sigurd Hattberg sin søknad om nydyrking i det verna området. Her hadde eit samla styre i Folgefonn Nasjonalpark, landbruksavdelinga hos Fylkesmannen i Hordaland og andre fageetatar vore positiv til søknaden. Likevel sette miljøvernavdelinga hos fylkesmannen foten ned, og anka vedtaket i nasjonalparkstyret. Hatteberg fekk medhald i Miljøverndepartementet.

– Alle partar har vore positive. Difor er det heilt uforståeleg at denne prosessen skulle ta halvtanna år, sa landbrukssjef i Kvinnherad kommune, Tore Eik, då han orienterte landbruksministeren.

Stort frammøte
I ungdomshuset i Omvikdalen var det eit imponerande stort oppmøte då landbruksministeren møtte folket. Frå salen vart det etterlyst gode råd om korleis Senterpartiet kunne koma på banen og få fram dei viktige sakene sine i valkampen.
– Folk vil ikkje diskutera landbruk og matproduksjon, meinte Sigve Sørheim.

Landbruksministeren oppmoda om å gå ut til folket og snakka om kor viktig det er med norsk matproduksjon.

Hallvar Fausk følte at det var skapt ein trend ute blant folk om at no måtte ein få eit regjeringsskifte. Men statsråden meinte det var eit fåtall av det norske folket som ønskte å byggja ned norsk landbruk.
– Det er veldig få som meiner det går dårleg i Norge. Det er kanskje slik at når ein har køyrd den same bilen i åtte år, så er det på tide å skifta den ut. Høgre og Frp har sagt at dei vil kutta kraftig i overføringane til landbruket. Det vil ramma kommunar som Kvinnherad, sa landbruk og matministeren.

Lars Børge Sæberg meinte det var viktig at ein røysta på det partiet som vil føra ein på rett veg.
– Dette valet kan lett føra til at retninga vert endra, sa Sæberg.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags