MC-dag på Husnes

Laurdag inviterer Sunnhordland Trafikkopplæring og Øystein Markhus til MC-treff på Husnes.

Laurdag inviterer Sunnhordland Trafikkopplæring og Øystein Markhus til MC-treff på Husnes.

Artikkelen er over 3 år gammel

Laurdag 2. april blir det MC-dag på Husnes, utanfor lokala til Sunnhordland Trafikkopplæring ved Kest-bygget.

DEL

Det er trafikkskulen Sunnhordland Trafikkopplæring som har teke initiativet til ein slik dag, og med seg har dei fått MC-klubben i Kvinnherad.

– Det er vår og tid for å ta fram motorsykkelen. Det er hovudbodskapen vår, og då kan det vera kjekt å møtast, seier Øystein Markhus, som er køyrelærar i Sunnhordland Trafikkopplæring.

Han er tilsett i køyreskulen som har sterkt fokus på motorsyklar.

– Vi ønskjer å satsa på motorsykkelopplæring i Kvinnherad, og har faktisk alt fått relativt mange som ønskjer på ta førarkort for motorsykkel, seier Markhus. Han er sjølv frå Husnes og har busett seg på Sunde.

Læraren er glad for at motorsykkelklubben ville vera med på arrangementet, og håpar mange vil ta turen innom i løpet av føremiddagen.

– Vi vil fortelja litt om kva tilbod vi har, og i tillegg kan folk koma å sjå på motorsyklane som er stilt ut, seier køyrelæraren.

Markhus lovar òg å ta med grillen denne dagen, slik at folk kan få ordna seg ein matbit medan dei kikkar på eit av årets første vårteikn.

Han trur det er blitt nokre færre motorsyklar langs vegane i Kvinnherad dei seinare åra, men han veit det er mange som syslar med tanken om å kjøpa seg sykkel.

– Dei er veldig velkomne bortom på laurdag, seier han.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags