Med i Heimekokklauget

Elin har fått vera med Eyvind Hellstrøm til Toscana.

Elin har fått vera med Eyvind Hellstrøm til Toscana. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Elin Enes frå Uskedalen er ei av dei seks heldige som vart plukka ut til Eyvind Hellstrøm sitt Heimekokklaug.

DEL

På Jernia sine nettsider finn ein no presentasjonsvideoar av dei seks personane i Heimekokklauget som har fått vera med kjendiskokk Eyvind Hellstrøm til Toscana.

I videoen av Elin får vi sjå ho baka brød med soltørka tomater medan ho snakkar med Hellstrøm.

– Viss det stråler av augene mine no, så er det fordi eg er overlukkeleg over å vera her! seier Elin i videoen.

– Eg trur Elin kan bidra med si store interesse for baking og husmannskost. Dessutan er ho ein raus person som vil veldig mykje, og ho har eit stort potensiale, kommenterer Hellstrøm om Uskedelingen.

Dei siste vekene har mange konkurrert om ein av seks plasser i Heimmekokklauget leidd av Eyvind Hellstrøm. For å få ein plass i lauget måtte deltakarane samla støtte frå andre for sitt kandidatur gjennom å sanka stemmer. Deretter måtte 30 finalistar gjennom ein personleg blogg overbevisa Hellstrøm og hans rådgivarar i Bemanningshuset om at dei fortente ein av dei seks plassene. Lauget sitt føremål er å spreia matglede og inspirera andre til å oppdaga at god mat og drikke kan vera både enkelt og tilgjengelig.

Hege Vevle er også ei av dei seks i Heimekokklauget. Ho har mor som bur på Valen, og sjølv om ho no bur i Kristiansand tillét vi oss å kalla ho «litt» kvinnhering.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags