Ny journalist i Kvinnheringen

NY JOURNALIST: Frå no av er denne kvinna på jakt etter dei gode historiene.

NY JOURNALIST: Frå no av er denne kvinna på jakt etter dei gode historiene.

Hilde Førde-Tislevoll gler seg til å møta folk og situasjonar i den nye rolla som journalist.

DEL


Denne hausten har vi i Kvinnheringen fått med oss ein ny lagspelar i redaksjonen. 32-årige Hilde Førde-Tislevoll frå Eikefjord i Sunnfjord har nemleg sagt ja til eit vikariat som journalist fram til nyttår. Dama er av eit kaliber vi aldri før har hatt med oss. Ho stiller med ein mastergrad i molekylærbiologi og doktorgrad i tumorbiologi. Ein molekylærbiolog kan det meste om levande organismar, anten det gjeld bakteriar, dyr, planter eller menneske. I doktorgradsavhandlinga har ho forska på eksperimentelle terapiar i hjernekreft og hudkreft ved hjelp av prekliniske dyremodellar.

Hilde har teke utdanninga si ved Universitetet i Bergen, som ho har vore knytt til i 13 år. For rundt åtte månader sidan førte kjærleiken henne til Kvinnherad, nærare bestemt til Herøysund med ektemannen Christian og ein baby. Og ettersom Hilde har ei utdanning det ikkje finst jobbar til i Kvinnherad, måtte ho tenkja nytt.

– Journalistyrket verkar spennande. Det kan høyrast rart ut, men jobben i avisa har visse fellestrekk med det eg har gjort før. I begge rollane handlar det om graving og skriving, hevdar ho.

Noka erfaring som journalist har ho altså ikkje frå før, men i tillegg til skrivinga som følgjer med forskinga, har ho også skrive ein del for organisasjonar ho har vore med i, dessutan pressemeldingar.

– Uansett gler eg meg veldig til å treffa mange nye folk, lytta til kva dei er opptatt av og læra mykje meir om kommunen eg nyleg er flytta til, seier ho med eit stort smil.

Hilde fortel at ho delvis skal jobba med streaming og video og delvis som vanleg skrivande og fotograferande journalist.

– Har du spesielle interessefelt?

– Mange, eigentleg. Viss eg må trekkja fram nokre, må det bli næringsliv, miljø og gjenbruk, friluftsliv og, ikkje minst, dei gode historiene. Sistnemnde vil eg alltid vera på jakt etter.

– Er det noko du kvir deg til?

– Eg må i alle fall læra meg å bli ein betre fotograf. Elles er eg nok litt redd for å misforstå situasjonar, slik at eg kjem i skade for å formidla faktafeil. Det vil eg gjerne unngå, så eg skal prøva å gjera mitt aller beste, lovar kvinna som straks vil vera å sjå med blokk og fotoapparat rundt omkring i kommunen. Ta godt imot henne.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags