Framtida Junior skal på turné – søkjer juniorjournalistar

TRENG HJELP: Denne Framtida-trioen ønskjer kontakt med born og unge som vil vera juniorjournalistar. F.v. Christian Wiik Gjerde, Janne Nerheim og Svein Olav B. Langåker. (Pressefoto).

TRENG HJELP: Denne Framtida-trioen ønskjer kontakt med born og unge som vil vera juniorjournalistar. F.v. Christian Wiik Gjerde, Janne Nerheim og Svein Olav B. Langåker. (Pressefoto).

DEL


Den nynorske avisa for alle barn har fått 100.000 i støtte til å dra på Vestlandsturné og læra opp fleire juniorjournalistar.

– Framtida Junior ønskjer å nå ut til endå fleire, og skal no på turné til skular og rundt på Vestlandet. Framtida Junior har som mål å gjera det kjekt å lesa nyhende for barn på nynorsk, og me søkjer no etter barn som vil vera juniorjournalistar i redaksjonen vår, og skular som vil ha besøk av oss, uttalar redaktør Svein Olav B. Langåker i ei pressemelding frå Framtida Junior.

Junior-journalistane vil få opplæring, spennande oppgåver og stor fridom til å skriva om det ein vil.


Gode tilbakemeldingar

Allereie har over 50.000 brukarar vore innom nettsidene, Framtidajunior.no. Bak nettstaden står Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Framtida.no og ABC Startsiden.

Papiravisa Framtida Junior blir gjeven ut i samarbeid med lokalavisene Hallingdølen, Hordaland, Os og Fusaposten, Sogn Avis og Sunnhordland.

– Tilbakemeldingane frå barna er veldig gode. No håpar eg endå fleire barn har lyst til å bidra til å gjera avisa vår endå betre, seier Framtidajunior.no-redaktøren.


Glade for støtta

Turnéen og kurs for juniorjournalistane er støtta av dei allmennyttige midlane til Sparebanken Vest.

– Me er veldig glade og takknemlege for støtta, seier Svein Olav B. Langåker. Støtta gjer at avisa kan halda fram ut året. Til neste år er avisa avhengig av auka støtte gjennom statsbudsjettet og fleire abonnentar for å halda fram som i dag.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags