Meistringskurs på trappene

Desse tre har nytt meistringskurs på trappene. Frå venstre: Gunn Marit Flatland, Brit Helen Hauan og Ole Horn.

Desse tre har nytt meistringskurs på trappene. Frå venstre: Gunn Marit Flatland, Brit Helen Hauan og Ole Horn.

Artikkelen er over 6 år gammel

Fysisk aktivitet og nye tankemønster kan dempa depresjon.

DEL

Heile 6 til 12 prosent av folket slit med varierande grad av depresjon. Hausten er sesong for slike plager, derfor inviterer kommunen til meistringskurs i desse dagar.
– Dette er eit tilbod til alle som slit med depresjonar eller kjenner seg nedstemte, seier Brit Helen Hauan.

Ho er psykisk helsearbeidar og ein av tre lærarar på kurset. Dei to andre er Gunn Marit Flatland, også psykisk helsearbeidar, og fysioterapeut Ole Horn.
– Fysioterapeuten skal stå for den delen av kurset som går på fysisk aktivitet. Det har nemleg vist seg at slik aktivitet har ein god effekt på depresjon, seier Hauan.

Ho strekar under at dette er eit kurs, ikkje terapi.
– Målet er at auka grad av kunnskap og innsikt skal setja kursdeltakarane i betre stand til eigenterapi.

Tenk deg frisk
KiD-kurs heiter tiltaket. Bokstavane står for «kurs i depresjonsmeistring». Kurset set i stor grad søkjelyset på korleis ein sjølv tenkjer og tolkar det som skjer med ein.

– Når er ein er nedstemt eller deprimert vert tankane meir negative. Dette kan forsterka eller forlenga depresjonen. Kurset legg vekt på å forstå denne mekanismen og å bryta tankemønsteret når det er nødvendig. Tanken har stor kraft, seier Hauan.

Kurset går over 10 tysdagar. Første samlinga vert tysdag 5. november i Tenestesenteret på Husnes. Deretter er planen å køyra to slike kurs årleg. Påmelding er nødvendig. Det kan skje via fastlegen eller direkte til ein av kursleiarane.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags