Misunneleg på kvinnheringane

Leiar i Hordakretsen, Erling Eriksen (t.v.) og Einar Vorland, leiar i Sunnhordland Skyttarsamlag (t.h.) gir mykje skryt til Ole Bennæs og Kvinnherad Skyttarlag.

Leiar i Hordakretsen, Erling Eriksen (t.v.) og Einar Vorland, leiar i Sunnhordland Skyttarsamlag (t.h.) gir mykje skryt til Ole Bennæs og Kvinnherad Skyttarlag.

Artikkelen er over 5 år gammel

Eit fantastisk stemne, er domen frå leiar i Hordakretsen, Erling Eriksen, etter Vestlandsstemnet i skyting i Rosendal og i Midthølen i helga.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

Om ikkje lokale skyttarar nådde heilt til topps, så tok Kvinnherad Skyttarlag steget opp i eliteklassen for arrangement.

– Slik eg ser det, så har Kvinnherad Skyttarlag takla dette på ein eineståande måte. Ein skal ikkje sjå bort frå at det snart vert eit nytt Vestlandsstemne her snart, seier leiar i Hordakretsen, Erling Eriksen.

Dette er det største skytestemne som nokon gong er arrangert i Sunnhordland.

Leiaren i Hordakretsen var spesielt imponert over området for feltskyting.

– Nokon kvar kan misunna kvinnheringane for det flotte feltskyteanlegget, seier Eriksen.

Han er og imponert over det flotte gåvepremiebordet som arrangøren kunne by på.

Glad sjef

Stemneleiar Ole Bennæs er og nøgd.

– Bortsett frå litt teknisk småsvikt, så har det meste godt på skinner.

Det som vi trudde skulle bli den største bøygen, feltskytinga og transporten ti Hattebergsdalen, gjekk knirkefritt, seier Bennæs.

Han håpar skyttarlaget kan sitja igjen med ein fin nettovinst etter dette arrangementet.

Les meir i papiravisa tysdag.

Artikkeltags