Morosam kakeglipp

Kanskje Valen er Kvinnherad sitt svar på New York? (Foto henta frå Facebook).

Kanskje Valen er Kvinnherad sitt svar på New York? (Foto henta frå Facebook).

Artikkelen er over 4 år gammel

Det blei ein lattermild siste arbeidsdag på Sunde skule for Frode Gaasdal, for på avskjedskaka stod det ein litt annan beskjed enn rektor Einar Opdal hadde tenkt.

DEL

Som ein koseleg gest hadde Opdal kjøpt ei kake til Gaasdal sin siste arbeidsdag ved skulen. Men då eska med kaka i blei opna på bordet blei det mykje latter. «Takk for god innsats. Lykke til i New York.» stod det på kaka – det skulle stått «Lykke til i ny jobb».

– Eg snakka kanskje litt fort og uklart då eg la inn bestilling. «Ny jobb» kan nok høyrast ut som «New York», ler Opdal.

Frode Gaasdal har vore nesten 15 år ved Sunde skule. 1. mars tar han over rektorstillinga på Valen skule etter Steinar Haugan. Gaasdal syntest kakeglippen var så morosam at han måtte dela bilde på Facebook.

– Når Sunde-folk reiser utanfor bygda så er vel det det same som å dra til det store utland uansett, kanskje det var grunnen til teksten, kommenterer Gaasdal lattermildt.

Ingen sure miner på grunn av kakeglippen, altså.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags