Viser fram haust-trendane

TREND: Moteshowa på Husnes Storsenter plar vera populære. Her frå i fjor, då Mary-Ann Blokhus Ekeland var ein av dei flinke modellane. Arkivfoto.

TREND: Moteshowa på Husnes Storsenter plar vera populære. Her frå i fjor, då Mary-Ann Blokhus Ekeland var ein av dei flinke modellane. Arkivfoto.

Førstkommande laurdag blir det moteshow på Husnes Storsenter.

DEL

Hausten er her, og då endrar trend- og motebildet seg. På laurdag vil lokale modellar visa fram alt av trendar innanfor kvardags-, fest- og fritidsklede, sko og tilbehør. Det blir laga til motemolo på torget inne på senteret, og sett ut stolar til publikum. Senterleiaren sjølv, Geir Jakobsen, skal vera konferansier, og han har fått med seg friskusen frå Halsnøy, Linda Røyrøy, til å leia showet. Denne duoen, som blant anna var deltakarar i «Kamp Kvinnherad» i lag i fjor, lovar eit friskt og flott show.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags