I dialog med forbundet: Draumen om kongepokalen framleis i live for Marius Ripel Jensen

Husnes-guten har enno håp om å få køyra NM i Norge. (Arkivfoto).

Husnes-guten har enno håp om å få køyra NM i Norge. (Arkivfoto).

Det såg ei stund mørkt ut for motorsykkeltalentet Marius Ripel Jensen, då han i førre veke vurderte å trekka seg frå norgesmeisterskapen grunna endringar i reglementet. Ei løysing kan no vera i sikte.

DEL

I førre veke annonserte Team Ripel at Marius Ripel Jensen vurderte å trekka seg frå norgesmeisterskapen. Grunnen var endringar i reglementet i Superbike-klassen.

Desse nye reglane ville medført at dei måtte ha bygd om og endra på sykkelen, noko som ville ha nullstilt all treninga Marius har lagt ned gjennom året.

No har forbundet innrømt at dei har skrive regelen om elektronikk feil på si Facebook-side.

– Det har vore for dårleg kvalitetssikring rundt regelverket frå Norges Motorforbund si side, og dei har no innrømt feil med omsyn til elektronikkregelen, seier koordinator Arne Viken til Kvinnheringen.

Det er no ein prosess med å ordna opp i eventuelle andre feil, opplyser Viken vidare.

– Vi er i dialog med forbundet. Vi er positive til at dette vil løysa seg, og vi håper og reknar med at det blir køyring i Norge.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags