Viktig kontrakt for HMR Husnes

(Arkivfoto).

(Arkivfoto).

HMR Husnes AS er tildelt ein kontrakt for leveransar i samband med Kværner si oppgradering av Hydro sitt aluminiumsverk på Husnes, melder selskapet i ei pressmelding.

DEL


I februar i år signerte Kværner og Hydro ein kontrakt for installasjon av nytt utstyr til produksjonslinje B på Husnes. HMR Husnes skal som underleverandør til Kværner levera prefabrikkerte aluminiumskomponentar til prosjektet.

Kontrakten mellom Kværner og HMR Husnes omfattar anskaffing og bearbeiding av 365 tonn med aluminiumskomponentar til 200 ovnar. Arbeidet startar umiddelbart. Oppdraget sikrar aktivitet på HMR sitt industriområde i Prestnes til langt ut i 2020. For utføringa av kontrakten bruker HMR si lange erfaring og spesialkompetanse frå prosessindustri og liknande prosjekt, utført på aluminiumsverk i Norge.

– Vi er svært glade for å bli anerkjent som leverandør til Kværner. Det er tydeleg at HMR Husnes sine 60 år i denne bransjen, med tilhøyrande spesialkompetanse, har gitt Kværner ein nødvendig tryggleik for tildeling av denne typen oppdrag, seier Michael Røssland, påtroppande dagleg leiar for HMR Husnes AS.

HMR Husnes AS er ein del av HMR-konsernet. Konsernet har over 60 års erfaring med å jobba mot smelteverka i Norge og spesielt Hydro Aluminium sine verk nasjonalt og internasjonalt. HMR-konsernet består av sju selskap med mekanisk spesialkompetanse på heilskaplege løysingar innan system, produkt, tenester og teknisk rådgiving til prosess-, energi-, olje og gass og infrastrukturindustri, heiter det til slutt i pressemeldinga.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags