Fyller storsenteret med bilar

INVITERER: Senterleiar Geir Jakobsen arrangerer mini-bilmesse på Husnes Storsenter denne helga, og vil fylle torget inne med bilar. (Arkivfoto).

INVITERER: Senterleiar Geir Jakobsen arrangerer mini-bilmesse på Husnes Storsenter denne helga, og vil fylle torget inne med bilar. (Arkivfoto).

Fredag og laurdag vil du finna mange nye bilar inne på torget på Husnes Storsenter.

DEL


Senterleiar Geir Jakobsen fortel at denne helga blir ei bilhelg.

– Ja, det blir ei slags mini-bilmesse der vi samlar alle bilforhandlarane som vil slik at dei får sjansen til å stilla ut bilane sine for publikum. Det er for å visa mangfaldet som finst i kommunen.

Så langt er nybil-forhandlarane Dimmelsvik Bil, Kvinnherad Bil & Teknikk, Fylkesnes Bil og S. Rødsten Bilforretning med. Dei vil vera til stades og kan svara på folk sine spørsmål rundt dei ulike bilane. I tillegg skal Husnes Trafikkskule vera med på mini-bilmessa, og nokre av butikkane på senteret vil selja bilprodukt.

– Det blir kjekt med litt liv og røre på senteret i helga, og her har publikum sjansen til å både stilla spørsmål og å sikra seg gode avtalar, seier Jakobsen.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags